I midten av mars skal alt vere klart for NM U19 i Førde.
– Det er eit stort arrangement. Men vi kom tidleg i gang med planlegginga, og vi trur vi har god kontroll, seier Sølvi Søgnen.
Ho er leiar for arrangementskomiteen, og gler seg stort til å ta imot dei 48 laga som kjem til Førde for å spele NM U19. Det er 24 jentelag og 24 gutelag som skal kjempe om å bli norgesmeistrar, og dei kjem frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord.
– Vi har godt overblikk over det som skal skje. Denne helga er det alle mann til pumpene i heile klubben. Det er mange vakter som skal dekkast på kiosk, reinhald, smørjing av matpakker, sekretariat og mykje meir, seier Søgnen.
Kampar i to hallar
NM startar med dei første kampane fredag 14. mars. Deretter går det slag i slag gjennom helga, heilt fram til finalane blir spelte søndag 16. mars. Meisterskapen blir avvikla med kampar både i Øyrane Arena og Førdehuset.
– Laga må vere obs på at kampane går i to ulike hallar. Det blir ikkje sett opp transport mellom hallane, så ein må berekne noko tid om ein skal bevege seg mellom dei. Men slik det ser ut, så skal alle semifinalane og begge finalane gå i Øyrane Arena, seier Søgnen.
- LES OG: No blir det NM-fest i Førde
Ho har gledd seg til meisterskapen heilt sidan klubben fekk vite at NM var lagt til Førde.
– Eg blir alltid rørt, glad og lukkeleg over å sjå alle dei flotte ungdommane som spelar volleyball. Eg blir også like rørt og glad når eg møter lagleiarar og trenarar som brukar all fritida si på å trene laga, seier Søgnen og legg til:
– Livet er kjekkare med volleyball – og det gjeld som både spelar og arrangør.