Førde Volleyballklubb er tildelt NM U19 i 2025!

– Vi gler oss stort til å arrangere eit meisterskap med fullstappa tribunar og finalespel i fantastiske Øyrane Arena, seier leiar Thomas Østerbø i Førde Volleyballklubb.

Norges Volleyballforbund fordelte denne veka dei aldersbestemte meisterskapa for 2025 og 2026, og Førde vart tildelt NM U19. Meisterskapet skal arrangerast 14. – 16. mars 2025.

– Vi er utruleg nøgde med å nå heilt til topps i konkurransen om å få arrangere eit NM. Og dette blir eit supert plaster på såret, etter at vi som arrangør måtte avlyse NM U15 på grunn av korona, seier Østerbø.

No gler heile Førde Volleyballklubb seg til å rigge Øyrane Arena til NM. Det kjem til å bli ein skikkeleg volleyballfest i Sunnfjord si nye storstove.

– Takk til forbundet for tilliten, og hjarteleg velkommen til det som skal bli eit fantastisk NM U19 2025, seier klubbleiaren.