NM U19

Velkommen til Førde og NM U19 i 2025!

 

✅ Norgesmeisterskapet for U19 går av 14. – 16. mars 2025.

 

✅ Førde Volleyballklubb er arrangørklubb.

 

✅ Kampane skal spelast i Øyrane Arena og Førdehuset.

 

✅ Vi gler oss til å ta imot alle; både spelarar, trenarar og foreldre!

Overnatting på hotell

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Vi har booka Sunnfjord Scandic til denne helga. Vi har reservert hotellet fram til 5. januar, men hotellet vil halde rom ledige til NM-kvalifiseringa er over. Dersom de skal booke rom på Scandic, så må dette gjerast så raskt som mogleg etter kvalifiseringa.

Kvart lag bookar rom til seg sjølv ved å følgje denne lenka.

I lenka kan de og bestille mat. Scandic har laga ein meny som de kan bestille frå når det gjeld mat fredag og laurdag kveld. Hotellet gjer merksam på at det vil vere komplisert for hotellet å plutseleg få bestilling på mykje mat om ingen gjev beskjed på førehand.

Thon Partner Hotel Førde

Vi har også fått halde av nokre rom på Thon hotell. Dersom de bookar der, så meld frå at de er i Førde grunna NM-19. Då vil de få dei prisane som vi har avtalt.

 

Andre overnattingstilbod

Det finst fleire alternativ for overnatting i Førde og nærområdet. Her er nokre eksempel:

Førde Gjestehus og camping, Førde Pensjonat, Sande Kro og Motell og Jøstraholmen Camping.

Tidsplan

 

  • Det blir lagleiarmøte i Øyrane Arena torsdag 13. mars klokka 20.00. Det er dessverre slik at ikkje alle rekk fram til dette tidspunktet, men det blir dessverre for seint om vi skal vente på alle. Vi tek ei opptelling på kor mange som rekk å komme, og held dei andre oppdatert på viktig informasjon.
  • Opningsseremonien må vere relativt tidleg fredag morgon. Vi ser for oss at første kamp tek til kring klokka 10:00.

Reise til Førde

Slik kjem du deg hit:

  • Fly til Førde lufthamn Bringeland. Flybussen stoppar 50 meter frå Scandic. 
  • Fly til Florø. Det går ikkje flybuss derifrå til Førde. Det vil ta éin time med rutebuss frå Florø til Førde.
  • Buss frå Bergen tek ca 3 timar. 
  • NM-U19 skal spelast i to ulike hallar; Førdehuset og Øyrane Arena. Lunsjpakkane vil bli delte ut på Øyrane Arena. Det blir ikkje sett opp shuttlebuss mellom hallane. Det er i underkant av 500 meter å gå mellom Førdehuset og Øyrane Arena.  

1: Øyrane Arena 2: Førdehuset 3: Scandic Sunnfjord hotel 4: Thon partner hotel 5: Førde pensjonat

1: Øyrane Arena 2: Førdehuset 3: Scandic Sunnfjord hotel 4: Thon partner hotel 5: Førde pensjonat

Bestilling og Profixio

  • Påmelding skjer gjennom PROFIXIO. Det blir og mogeleg å bestille lunchpakker og t-skjorte gjennom denne sida. Utdeling av lunchpakkane blir i Øyrane Arena. Sidan turneringa går føre seg i to haller, så kan det bli litt logistikk kring henting av lunchpakkane. Skulle dette blir vanskeleg, så må vi  saman prøve å finne ei løysing på dette.

 

Kiosk

  •  Vi tek sikte på å ha ein god kiosk med variert utval i. Vi får dessverre berre halde kiosk i Øyrane Arena. Det vil vere mogleg å kjøpe pastasalat, pizza, drikke og noko frukt. Det vil vere kiosk i Førdehuset også, men utvalet her styrer ikkje vi.

 

Bankett

Det blir ikkje arrangert bankett.

Det er mange stader de kan gå ut å ete fredag og laurdag kveld. Hugs at det kan vere nyttig å booke på førekant; då blir det mindre logistikkmessige utfordringar.

  • Peppe`s pizza: De må gje beskjed om at de høyrer til NM-19; då blir det spesialpris.
  • Best pizza Førde: Nyopna Pizzarestaurant. God, variert pizza i eit koselig lokale: Tlf: 97 76 99 99.
  • Røyst held til i Nynorskhuset i Førde. Ved booking kan de ringe: Tlf: 57 72 77 77
  • Elvesus er både restaurant, kafé, bar, lounge og scene i eitt og same lokale. Tlf: 57 82 23 33
  • SushiHos Bento Yume Sushi kan du nyte fersk, autentisk sushi. Tlf: 46 67 10 95

I tillegg er det mogleg å ete på hotellet. Då må de bestille, og de bruker same linken som ved booking av rom.

 

Kontaktpersonar

Turneringsleiar: