Kan tenke seg å satse på dømming – er med på volleyballforbundet sitt dommar 2-prosjekt.
– Eg har slite med skade, og då er dømming eit godt alternativ for å halde på med volleyball fram til eg blir heilt skadefri. Eg ser heller ikkje vekk i frå ei framtid med å dømme volleyball, seier Eirik Eide.
18-åringen frå Førde har spelt volleyball i mange år, og denne sesongen er han med på dommar 2-prosjektet i regi av Noregs Volleyballforbund.
Stas å vere dommar på meisterskap
Prosjektet er ei ordning der deltakarane får oppfølging for å utvikle seg som dommarar. Dei får tilbakemeldingar på dømminga, både på kva som er bra og kva som kan gjerast betre. Målet er å bli betre dommarar.
– Eg hadde høyrt ein del om prosjektet i forkant. Det høyrdest spennande ut, så då melde eg meg på, seier Eide.
Dommar 2-prosjektet varer heile innandørssesongen. Dommarane deltek på samlingar og meisterskap, for eksempel NM U17 og NM U19. Nyleg var dei dommarar under NM for regionlag i Oslo.
– Eg synest det er stas å få vere med som dommar på slike turneringar. Då kan eg få god oppfølging på for eksempel teiknbruk eller rytme, for å opptre roleg og ordentleg, seier Eide.
Han held fram:
– Opplegget har så langt møtt forventningane mine, men eg blei litt skuffa då MVGS på grunn av budsjettkutt ikkje skulle dømmast av dommer 2-prosjektet.
Deltakarar og leiarar på dommar 2-prosjektet samla under NM for regionlag. Begge foto: Tomm Hansen
Målet er å bli best mogleg
Eirik Eide meiner at dommar 2-prosjektet har vore ein suksess, både når det gjeld arbeidet dommarane og rettleiarane gjer i hallane, men og med tanke på det sosiale.
– Dommarane som er med i prosjektet kjem frå nesten alle delar av landet, så det blir ekstra kjekt å møte på dei igjen når NM U19 skal haldast her i Førde, seier han.
– Kva er måla dine som dommar?
– Måla mine er det samme som alle har innanfor deira interesser: å bli betre. For nokon er det for eksempel å komme på landslaget, mens for meg er det å bli så rutinert som mogleg.
For å komme med i dommar 2-prosjektet må deltakarane fylle 18 år i løpet av sesongen. Dei må og ha dommar 2-graden og vere ein aktiv dommar. Det er og krav om at dei prioriterer dømming, og at dei deltek på minimum tre av fem fysiske samlingar.