Då Ole-Jacob Halgunset reiste til Viking, måtte Førde sjå seg om etter ny oppleggar. Valet fall på to unge vestlendingar.
– Vi hadde behov for leggarar som kan gå rett inn på laget i Mizunoligaen. Og no har vi sikra oss til solide leggarar, seier trenar Frank Kalstad.
Han er nøgd med å ha fått på plass Jonah Utvik og Tor Odin Bjørndal Milde som erstattarar for Halgunset.
Frå før er Kristian Undheim i elitestallen. Førde har med andre ord fått ein svært sterk leggartrio.
Har den beste treningskulturen
Dei nye leggarane er unge, men dei har likevel fått fartstid i eliteserien:
- Jonah Utvik (18) er frå Torvastad på Karmøy, og han har spelt i eliteserien for Torvastad og ToppVolley Norge. Han har også vore på juniorlandslaget
- Tor Odin Bjørndal Milde (19) er frå Strandvik, der han spelte volleyball på juniornivå. Han har seinare spelt i eliteserien for ToppVolley Norge.
Begge har komme til Førde etter å ha høyrt mykje positivt om klubben, trenarane og treningskulturen.
– Eg har høyrt at dette er volleyballklubben med den beste treningskulturen i landet, seier Bjørndal Milde.
Har ambisjonane i orden
Trenar Frank Kalstad meiner han har fått på plass til svært lovande oppleggarar.
– Jonah var ein av dei beste leggarane i Mizunoligaen i fjor. Han er en spiller med god fysikk, han er ballsikker og er god i forsvar. Også Tor Odin har god fysikk og er god i forsvar. Han kan bli ein god leggar på høgt nivå, og han er seriøs og ønskjer å satse. Så dette er spennande spelarar, seier trenaren.
Og det er ingen tvil om at nysigneringane har ambisjonane i orden.
– Målet mitt er å vinne cupen og sluttspelet med Førde, seier Utvik.
– Eg håpar at klubbskiftet vil hjelpe meg til å ta det neste steget mot å kunne halde på med volleyball på fulltid, seier Bjørndal.
Både Utvik og Bjørndal Milde har trent med elitelaget ei god stund, og til helga ventar eliteserieturneringa i Volda. Der blir det god motstand fra mellom anna Viking og NTNUI. Det vil vere ein peikepinn på kor laget står, berre to veker før seriestart mot Tromsø på heimebane.