Her ser du resultatet av målretta jobbing på jentesida i Førde Volleyballklubb: Nyleg sette JU17 ny rekord i tal spelarar på trening.
– Det er veldig kjekt å sjå så mange på trening. Denne dagen var alle skadefrie, og det var heller ingen tilfeldige fråfall, seier trenar Thomas Haug.
Den siste torsdagen i februar var det heile 24 jenter på trening med JU17-laget i Øyrane Arena. Det var 19 spelarar frå kjernegruppa, i tillegg til tre hospitantar frå yngre lag og to gjestar frå Jølster og TIF Viking.
– Eg synest vi har eit inkluderande miljø, god stemning, engasjerte og positive jenter pluss god treningskultur i gruppa, seier Haug.
Godt samarbeid på tvers
Jenter 17-laget til Førde har tre treningar med ball og éi styrkeøkt i veka. Kjernegruppa består av spelarar fødde i 2009 og 2010. Dei stiller med eitt lag i 3. divisjon og eitt lag i 2. divisjon.
– Det blir jobba veldig godt på tvers av treningspartia på jentesida i klubben. Trenarane samarbeider godt, og spelarane får moglegheiter til å hospitere på eldre grupper – samstundes som dei har den forankringa og sosiale tilhøyrsla som ei kjernegruppe gir. Det er eit godt grunnlag for positiv klubbutvikling, seier Linn Grepstad Nes.
Ho er ansvarleg for dei aldersbestemte jentelaga i Førde, og trekkjer fram trenar Haug som eit eksempel på det gode arbeidet.
– Thomas er ein veldig fin type som er lett å samarbeide med. Han er ein engasjert og dyktig trenar. Han er også veldig flink til å legge til rette for hospitering, både frå yngre aldersgrupper og andre klubbar, og han er generelt positiv til nye tankar og idéar, seier Nes.
Andre har gått opp løypa
Sjølv meiner trenaren at dei nyt godt av arbeidet andre har lagt ned før dei. Han siktar til U19-gruppa med trenarane Mathias Haug og Kay Andre Vie, som på mange måtar har gått opp løypa.
– Det at vi får matche oss med og mot dei, og lære av erfaringane deira opp gjennom åra, er uvurderleg for oss. Og så er det avgjerande at vi har proffe organisatorar i klubben som Elisabeth Bjørvik og Linn Grepstad Nes. Heilt sidan vi starta med minivolleyball, har vi fått lagt til rette for eit best mogleg opplegg både i trening og kamp, seier Thomas Haug.
Om kort tid skal jentelaget delta på NM. Det er som vanleg høgdepunktet i sesongen, og både jentene og trenaren gler seg.
– Ambisjonen er å prestere vårt aller beste. Så får vi sjå kva det held til, seier Haug lurt.