Det spirer og gror i Førde Volleyballklubb. Denne våren skal seks spelarar frå klubben i aksjon med ulike landslag!

– Det kom som eit sjokk på meg. Eg hadde ikkje trudd eg skulle få vere med. Så dette er ein veldig kjekk bonus, seier Emma Haug med eit stort smil.

14-åringen fekk nyleg beskjed om at ho skal vere med på vintersamling for ungdomslandslaget i Stavanger i slutten av februar. Dit reiser ho saman med klubbvenninna Katharina Helleseth Midtbø (16). Medan det er den første landslagssamlinga for Emma, var Katharina med også i fjor.

– Det var gøy å få prøve seg på så høgt nivå, og fint å møte nye folk. Så det er veldig stas å få vere med igjen i år, seier Katharina.

Skarp konkurranse om plassane

For eit år sidan kom ikkje Midtbø gjennom det siste nålauget, men ramla ut av troppen då det endelege uttaket til landslaget vart gjort etter samlinga. No håpar ho at sjansane er større for å bli tatt ut.

– Men det er mange gode spelarar. Så det er skarp konkurranse om kantplassane, seier Midtbø.

Ho spelar til vanleg for Førde sitt damelag i 2. divisjon og på U17-laget. Den to år yngre Emma Haug er kant- og midtspelar og har kampkvardagen sin på U15-laget og i 3. divisjon.

Samlinga er ein del av førebuingane til NEVZA U17 i oktober, og seinare fram mot EM-kvalifisering.

– Eg har ikkje så store ambisjonar om å komme med vidare, men tenker at eg først og fremst skal vere med for å lære, seier Haug.

Fire Førde-spelarar på juniorlandslag

Også på juniornivå er Førde godt representert med flagget på brystet denne våren. Det er spelarar som også tidlegare har vore inne i landslagsvarmen:

Selma Vassdal, Malin Nummedal Halleraker og Sarah Kvalvågnes Guddal er med på jentelaget som skal spele EM-kvalifisering i Portugal i april. På gutesida skal Mikal Kalstad vere med juniorlandslaget i EM-kvalik i Montenegro.

Begge juniorlandslaga skal på samling for å førebu EM-kvalifiseringa. Jentene reiser midt i februar til Polen for å spele fire treningskampar mot polske lag. I månadsskiftet februar – mars skal gutane ha samling i Åsane Arena i Bergen.