Lyst til å spele volleyball?

Vi har lag i eliten for både damer og herrar, og i tillegg har vi over 150 aktive spelarar i ulike aldrar.

Vi startar opp nye treningsparti kvar haust. Finn ei gruppe som passar for deg! Alle er velkomne, nybegynnarar og dei som har spelt før!

Påmelding ved å møte på trening i Øyrane arena (Førde vgs) eller ved å sende ein epost til leiar@fvbk.no.

Laga startar normalt opp med aktiviteten litt etter skulestart. Minivolleyball startar veka etter haustferien.

 

Lag og treningstider 2025-2026

 

Open hall

  • 7. – 9. klasse: Måndag 16.30 – 17.30
  • 10. – 3. klasse vgs: Tysdag 16.00 – 17.15 
  • Dette er for alle som har lyst til å prøve volleyball – heilt uforpliktande. Oppstart i veke 35.
  • Fokus på grunnteknikk og kjekke øvingar

Jenter U17 (10. kl – 1. klasse vgs)

  • Måndag 16.30 – 18.30 (denne dagen passer best for nybegynnarar)
  • Tirsdag 17.30 – 19.00
  • Torsdag 16.30 – 18.00

Jenter U15 (8. – 9. klasse)

  • Måndag 16.30 – 18.30 (denne dagen passer best for nybegynnarar)
  • Tysdag 17.30 – 19.00

Gutar U19 (10. kl – 2. klasse vgs)

  • Måndag 18.30 – 20.00
  • Tysdag 16.00 – 17.30 
  • Torsdag 18.00 – 20.00
    (nybegynnarar – sjå informasjon om open hall)

Gutar U15 (8. – 9. klasse)

  • Måndag 16.30 – 18.30 (denne passer best for nybegynnarar)
  • Torsdag 16.30 – 18.00

Jenter og gutar U13 (7. klasse)

  • Måndag 17.30 – 18.30.
  • Oppstart veke 35 

Grupper frå 5 år til 6. klasse har oppstart etter haustferien. Informasjon om treningstider vil bli publisert i god tid.