

Lyst til å spele volleyball?
Vi har lag i eliten for både damer og herrar, og i tillegg har vi over 150 aktive spelarar i ulike aldrar.
Vi startar opp nye treningsparti kvar haust. Finn ei gruppe som passar for deg! Alle er velkomne, nybegynnarar og dei som har spelt før!
Påmelding ved å møte på trening eller ved å sende ein epost til leiar@fvbk.no.
Laga startar normalt opp med aktiviteten litt etter skulestart. Minivolleyball startar veka etter haustferien.
Kontingent og treningsavgifter
- Elite: Kroner 3900,-
- 1. divisjon: Kroner 3400,-
- Lågare divisjonar, eldre senior: Kroner 2000,-
- U19 (NM): Kroner 2900,-
- U17 (NM): Kroner 2800,-
- U15 (NM): Kroner 2100,-
- Eldre minivolleyball: Kroner 1300,-
- Yngre minivolleyball: Kroner 1000,-
- Støttemedlemskap (enkelt): Kroner 100,-
- Familiekontingent: Kroner 300,-
