NM volleyball U15 – AVLYST

Oppdatert 2. september 2021:

Vi i Førde volleyballklubb har lenge planlagt og gleda oss til NM U15.

Håpet om at koronpandemien skulle gå over og at vi kan leve som normalt igjen ser ikkje ut til å gå i oppfylling med det første. I dag har regjeringa avlyst trinn fire i gjenopninga av samfunnet.

Auken i smitte blant barn og unge uroar oss, og vi har spurt kommunelegen om vi kan arrangere NM. Spørsmålet vart sendt vidare til fylkeslegen og så til helsedirektoratet, og konklusjonen er at vi ikkje kan gjennomføre arrangementet i tråd med gjeldande reglar. Det er særleg to punkt som vi ikkje kan oppfylle:

  • Maksimalt 200 personar i kvar kohort
  • Kohortane kan ikkje blandast i løpet av arrangementet.

Sjå også uttale frå fylkeslegen:

«Vi meiner difor at eit planlagt turneringsoppsett med innleiande gruppespel, og deretter påfølgjande puljespel og finalespel, ikkje er i tråd med med Covid-19 forskrifta §13a første ledd bokstav b.»

Styret i klubben har diskutert saka og leita etter alternative løysingar, men vi kjem til at det ikkje er verken lovleg eller forsvarleg å gjennomføre NM-arrangementet, og det er fleire grunnar til dette:

–       Vi klarer ikkje å ha kohortar på maksimalt 200 stk. gjennom heile arrangementet.

–       Vi kan ikkje unngå å blande kohortane i løpet av turneringa.

–       NM-deltakarane er barn og unge som ikkje er vaksinerte, og dei vil truleg ikkje rekke å bli vaksinerte innan arrangementet startar i slutten av september.

Vi har derfor teke den tunge avgjerda om å må avlyse NM U15. NVBF er informerte om saka og støttar avgjerda vår.

Vi seier oss svært leie for dette.

Med helsing

Jan Egil Tvinde                                                           Helge Robert Midtbø

Leiar, Førde volleyballklubb                                           Turneringsleiar NM 15

 

Lenke til arrangement på Facebook:  https://www.facebook.com/NMU15FORDE2020 

 

 

Kontaktpersonar : 

 

Turneringsleiar: Helge Robert Midtbø (tlf: 90 76 44 03)

Assisterande turneringsleiar: Espen Arefjord (earefjor91@gmail.com)

Påmelding: Bankett, mat og t-skjorte : Sissel Sande (sissel.holme.sande@gmail.com / tlf 97 16 62 37)

Dommardelegert:

Teknisk delegert:

 

Anna info:

– Oppvarmingsballar og førstehjelpsutstyr

Overnatting

Under NM U15 2020 har Førde volleyballklubb avtale med vår sponsor Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Banketten på laurdag blir på dette hotellet. Kvart lag bestiller overnatting sjølve.

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Tlf.  21 89 81 45
E-post til: meeting@scandichotels.com

Bruke dette som referanse: NM Volleyball – Scandic Sunnfjord Hotel

 

Andre mogelegheiter for overnatting:

Thon Hotel Førde
Tlf. 578 28 110
E-post til: forde@olavthon.no 

Førde Gjestehus og Camping
Telefon: 468 06 000
E-post: post@fordecamping.com

 

Det er også mogleg å kontakte: Førde Pensjonat, Sande Kro og Motell, Jøsterholmen Camping og Skei hotell.

 

Arrangement

Lenke til påmelding: Kjem her

Kart over Førde

Praktisk informasjon

Her vil det komme informasjon om bankett, t-skjorte, mat/kiosk, program og kampoppsett.

Program

Torsdag:

21:00: Teknisk møte på Scandic Sunnfjord hotell

Fredag:

08.00: Dommarmøte på Førdehuset

08.45: Oppstilling av laga

09.00: Åpningsseremoni

Puljekampar

Lørdag:

08:30: Sluttspelkampar

19:00: Bankett på Scandic Sunnfjord hotell

Søndag:

08:30: Sluttspelkampar og finalar

16.00: Premieseremoni