Natt til måndag parkerte Oskar Raftevold spelarbussen i Førde etter 1133 kilometer på vegen.

– Det er ganske greitt å vere sjåfør og spelar, seier Oskar Raftevold.

Han har brukt store delar av helga bak rattet på minibussen til Førde Volleyballklubb. Målet var Trondheim, der Førde skulle spele den første av to semifinalar mot NTNUI. Raftevold er sjølv ein viktig spelar på laget.

– Det kan jo vere litt tungt til tider, men elles går det stort sett fint, seier nordfjordingen.

Lang reise – viktig siger

Førde Volleyballklubb har eigen minibuss. Difor tok Raftevold lappen på minibuss i oktober, slik at elitelaget skulle ha ein eigen sjåfør. No kjem laget seg rundt i heile Sør-Noreg på eigahand.

Klokka 00.30 natt til måndag parkerte Raftevold minibussen i Førde. Då hadde spelarane vore på vegen i over 16 timar til saman. Bak dei låg 1133 kilometer.

Og i bagasjen: Ein halv cupfinalebillett. Kampen mot NTNUI enda 3-0 til Førde.

– Eg synest vi stort sett spelte ein solid kamp, men vi hadde litt servefeil, seier Raftevold.

Trur på gode sjansar for ny finale

Han tok elleve poeng og var sjølv ein viktig spelar for Førde i Dragvollhallen. Sverre Grønnevik Flåskjer og Martin Olimstad toppa poengstatistikken med 13 poeng kvar. Settsiffera vart 17-25, 22-25 og 16-25.

I midten av januar skal laga spele returkamp i semifinalen. Kampen i Førdehuset avgjer kven av laga som kjem til cupfinalen.

– Eg trur vi har ein veldig god sjanse til å komme til cupfinalen, seier Oskar Raftevold.

I den andre semifinalen vann Viking 3-0 i den første kampen mot Koll.

JUBEL: Førde sine spelarar jublar for poeng i den første semifinalen mot NTNUI. Foto: NTNUI Blits/Vebjørn Jokstad