sponsor-full-1078-041016

Noregsmeistarar 2015/16!

Jan 22, 2016

Vi har greidd det, vi er Noregsmeistarar for tredje gang! Vi har slått NTNUI 3-0 foran eitt fullsatt Domus Athletica i Oslo. 1500 tilskodarar i hallen, og enno fleire på TV2. Då er det ekstra kjekt å vere laget som får heve pokalen til slutt, etter ein godt gjennomført kamp!

Etter ei slik helg blir ord fattige, så vi vel å fatte oss i kortheit og heller fokusere på å få fram alt det flotte som skjedde, i form av presseklipp, bilete og video.

– Dette er ein kamp som betyr veldig mykje for meg, så dette er det største eg har opplevd.

Mathias Loftesnes

i intervju med NRK

NRK si oppsummering av kampen

Første sett: Førde VBK vann 25-22. Eit tett og jamnt sett, der NTNUI var i leiinga lenge, før Førde gjekk opp til 19-15. Men NTNUI utlikna til 19-19 og 22-22, før Førde rodde det i land.

Andre sett: Førde VBK vann 25-21 . Dei blåkledde var i føringa frå start til slutt og var føre m.a. med 16-7 og 23-16, før NTNUI knappa litt inn på slutten.

Tredje sett: Førde vann 30-28. NTNUI hadde ei leiing på tre poeng i starten, men Førde snudde det og var oppe i 15-11-leiing, før NTNUI utlikna på 21-21. Så fylgde laga kvarandre i ein intens avslutning, før Førde til slutt halte settet og dermed sigeren og NM-gullet i land.

Klubben vil også takke alle som har gjort dette mogleg

Spelarane, trenarane og støtteapparatet rundt laget

For ein fantastisk kamp og svært god kampplan.

Sponsorar og næringsliv i Førde

Som bidreg med økonomisk støtte i mange år som gjer det mogleg å tenkje offansivt sportsleg.

Førde kommune

Som blir med oss til Oslo, og steller i stand fest når vi kjem heim! Vi takkar også for det gode samarbeidet vi har med Førdehuset og Hafstadparken.

Alle eldsjeler, med Jan Ove Hafstad i spissen

Ei STOR takk til dei som elskar volleyball i Førde. Utan desse hadde det ikkje vore mogleg å drive på dette nivået.

Sunnfjord folkehøgskule

Som blir med oss til Oslo og lagar fantastisk stemning på tribuna.

Media med NRK og Firda i spissen

Som føl oss tett og blir med til Oslo. Over 20 artiklar vart det!

Publikum og supportarar

Som anten blir med til Oslo, ser kampen på PULS eller heime, og som har gitt oss så mykje flotte tilbakemeldingar og gratulasjonar.

Media har skrive over 20 artiklar, har du fått med deg alle?