Oppdatert artikkel søndag kveld:
Etter den rekordstore Førdedeltakinga på Norges Touren i Oslo i helga har vi forsøkt å oppsummere resultata.

I dameklassen stilte Julie Tvinde saman med Martine Viken, Anette Melheim med Ane Spurkeland (sistnemte forøvrig innehavar av verdsrekorden i lengste sandvolleykamp, 26 timar i sandhallen i Førde), mens andre blad Viken, Elisabeth, stilte med M. Gundersen. Viken/Gundersen gjekk til topps og vann finalen i C-sluttspelet, mens Tvinde/Viken gjekk på eit kjedeleg tap i kvartfinalen i A-sluttspelet mot dei som seinare kom på 2.plass totalt. Melheim/Spurkeland gjekk ut som puljevinnarar, men tapte påfølgande åttandedelsfinale.
I herreklassen stilte vi spesielt mannsterke. Bergum/Thue gjekk på eit 2-1 tap i åttandedelsfinalen i B-sluttspelet, mens Holvik/Langlo endte i kvarten i C-sluttspelet. Nyetrenaren Tvinde senior gjekk ikkje langt på slektstreet og stilte med bror sin, og etter eit litt ruskete gruppespel kom dei seg til finalen i C-sluttspelet, men gjekk på eit surt tap der.

Både Huus/Lindstøl, Tvinde/Mol og Kvalen/Takvam gjorde reint bord i sine grupper, vidare enda turneringa i åttandedelsfinalen i B-sluttspelet for Huus/Lindstøl, mens Sandkaradn (Tvinde/Mol) møtte god motstand i kvartfinalen i A-sluttspelet og tapte mot det som seinare vart eit finalelag. Yngste bror Huus stilte med Martin Olimstad for anledninga, som enda i åttandedelsfinalen i B-sluttspelet.
I finalen i herreklassen endte til slutt Kvalen/Takvam og Henriksveen/Strømsvåg, der tidlegare Førdespelar Jonas Kvalen tok revansj for Sandkaradn og vann komfortabelt 2-0.


Det gror godt i volleyballmiljøet i Førde om dagen, både inne og ute i sanden!
Resten av dei flotte bileta til Elisabeth Viken finn du her!
Opprinneleg tekst:
We Move Norges Tour Oslo Masters går av stabelen denne helga (3.-5. juli). Det er venta meir enn 60 deltakende lag, og vi kan trygt seie at Førde bidrag med sitt til denne turneringa!
Heile 9 lag har ei eller anna tilknytning til volleyballmiljøet i Førde, både på dame- og herresida. Familien Tvinde stiller spesielt sterkt med heile fire deltakarar! Lars Fredrik (biletet) i Sandkaradn har vunne si pulje med 3 sigrar, mens senior Tvinde med bror har ein siger og eitt tap til no og frøken Tvinde junior saman med frøken Viken er ubesigra før siste gruppekamp.
Meir info om turneringa finn du her, mens deltakarliste, kampoppsett finn du her (klikk Vis).
Køyr pao kara!