Kulturell oppsummering av junior-NM i sandvolleyball
2.-5. august vart junior-NM i sandvolleyball arrangert i Kristiansand. Førde VBK stilte med fleire lag, både i dame og herreklassen. Vi ba Julie Tvinde oppsummere turneringa, noko ho løyste på glimrande vis! Alle bilete er teke av Elisabeth Viken.
9 lag i fire ulike aldersklassar
Vart det på 1 veke utdelt ulike plassar
I lyn, regn, torden, vind og sol
Vann også NT duoen Tvinde/Mol
Lille Førde var og på plass
Med eit heilt camping lass
Både vogn og bil
Kva er det sjef Holvik ikkje får til?
Med god mat og gostemning
Skulle ikkje vêret setje nokon hemning
Mange gode foreldre lagde mat
Slik at ungane kunne få den rett på fat
Nye og noverande førdespelarar fekk servert lunsj
Sidan det vart servert hamburger vart det ingen «kvikk lunsj»
70 burgerar blei på joker kjøpt
Kanskje vi fleire førdespelarar og fekk døpt?
Langlo/Hervik stilte også til start
Mot Noreg sitt andre lag fekk dei jammen fart.
U18 laget måtte sjå førdejentene vinne
Og det braut fort ut sinne
I bronsefinalen møttest Førde til dyst
Kven var det her som hadde mest lyst?
Etter ein tett fight
Stod Tvinde/Nore igjen med tenna i beit.
Viken og Fauske/Thue fekk 3. Plass
Dette kan ein feire med kakelass
Mykje god utvikling på alle
Neste år kan ein på Førde kalle
Til å oppsummere har vi hatt det kaldigt kjekt
Endelig er buplass koden knekt
Til neste år er det berre å slenge seg med
I åra framover kjem ikkje Førde til å skape fred!
Fleire bilete frå turneringa finn du her, mens resultat og kampoppsett finn du her.