Førde volleyballcup 9.-11.oktober

sep 29, 2015

Oppdatert plan for helga

Planen for helga 10/11.oktober ser slik ut:
Laurdag 10.oktober: Trening i Førdehuset mellom kl 13-16 J15 Florø og Førde og G13 Volda og Førde. Spelarar frå elitelaga til Førde vert med på treningane.

Søndag 11.oktober blir det turnering frå kl 10-14. Klasse J15 med Florø, Kvammen og Førde. Klasse G13 med Volda og Førde.

Søndag kl 14: Eliteseriekamp damer mellom Førde og Koll
Søndag kl 16: Eliteseriekamp herrer mellom Førde og Koll

Alle som har delteke på Førde volleyballcup kjem gratis inn på begge kampane.

Informasjon

Som start på ein lang og spennande volleyballsesong ynskjer Førde volleyballklubb velkommen til ei kjekk turneringshelg i Førdehuset frå 9.-11. oktober. Det vil bli arrangert kampar i klassane U13, U15 og U17 – både gutar og jenter.

Same helg har begge elitelaga til Førde heimekampar i Førdehuset, og desse legg vi opp til at turneringsdeltakarane skal få med seg.

Frist for påmelding 1. oktober, klikk her for påmelding.

Det vil bli eit felles arrangement på laurdagskvelden for alle deltakarar (program ikkje klart enno).

Overnatting i Førde

Scandic Hotell
Førde Camping

Scandic hotell kan tilby desse prisane:

cuphotellpris

Merk: Bruk rabattkode «Oktoberturnering FVBK». Prisane er gyldige for idrettslag som reiser som grupper frå 8 personer og inntil 30 personer. Ved større arrangement som turneringer eller store sportsarrangement kan andre prisar forekome. For grupper med reisande under 18 år må minimum ein(1) ansvarleg vaksen per 8 deltakarar ledsage gruppa.

Klassar

U13 (GU13/JU13) (Nivå 4)

  • U13 årsklassar: 2003, 2004, 2005, 2006, 2007
  • Vanleg volley (ingen halding)
  • 2-3 spelarar på banen
  • Netthøgde: 2,10 m, Bane: 6 x 6 m
  • Speler både laurdag og søndag. Min. 5-6 kampar pr. lag i løpet av turneringa.
  • Ingen sluttspill/inga kåring av vinnarar, premie til alle.
  • Kr. 800,- pr lag

U13 (GU13/JU13) (Nivå 4)

  • U13 årsklassar: 2003, 2004, 2005, 2006, 2007
  • Kan halde ballen på andre berøring
  • Netthøgde: 2m, Bane: 6 x 6 m
  • Speler både laurdag og søndag. Min. 5-6 kampar pr. lag i løpet av turneringa.
  • Ingen sluttspill/inga kåring av vinnarar, premie til alle.
  • Kr. 800,- pr lag

U15/U17 (GU15/JU15, GU17/JU17)

  • U15 årsklasser: 2001, 2002, 2003
  • U17 årsklasser: 1999, 2000, 2001, 2002
  • Det kan søkast om ein overårig spelar på laget. Det er berre spelarar i årsklassen som er eit år eldre som kan nyttast på den overårige kvoten (f.eks. i U17 tillet vi ein spelar fødd i 1998). Send søknad på e-post til leiar FVBK.
  • Netthøgde: U15 – 2,18/2,24 m, U17 – 2,24/2,35 m
  • Spelar både laurdag og søndag (innleiande laurdag, sluttspel/finalar på søndag)
  • Kr. 1 250,- pr lag
  • Dersom få påmeldte lag vil arrangøren slå saman klasser.

Kampoppsett

Så langt råd, vil puljeinndelinga bli sett opp slik at laga skal unngå å møte lag frå same klubb i innleiande runde.
I klasser med mange påmelde lag, vil det kunne bli spelt 2 setts kampar i innleiande runde.
Alle lag skal få spele så mange kampar og så likt tal kampar som mogleg.

Lisens

Som privat turnering vert det ikkje krav om lisens for å spele, men ein spelar over 12 år utan lisens er ikkje forsikra. Dei som er under 12 år er forsikra gjennom barneidrettsforsikringa. Førde volleyballklubb fråskriv seg ansvar ved eventuell skade på spelarar som ikkje er forsikra.

Sjå reglar for minivolleyball.

t

Kontaktperson

Tor Kristian Kvammen
Telefon: 41 41 36 36
Epost: leiar@fvbk.no