Opptur-seminar i Florø 29/9

okt 1, 2015

Volleyballbussen med unge aktive og ledere/»støttespillere», tok turen til Florø denne kvelden.

Arrangementside hos Sparebanken Sogn og Fjordane, med program.

Arrangøren Sparebanken Sogn og Fjordane, hadde «henta inn» framifrå aktørar, som Våt Moro v/Roger Bareksten, Per-Mathias Høgmo, landslagstrenar for fotball, Ailo Gaup, verdsmeister i Freestyle motocross og songaren Sondre Justad. Alle holdt sine foredrag, vinkla mot si framstilling av kva som er viktig for å oppnå suksess. Anten som toppidrettsutøvar eller for å oppnå dei beste resultat.

Konklusjon: Med sterkt vilje, motivasjon, hardt arbeid/trening  og fokus på målet, er det meste mogeleg.

Dette appellerer i stor grad til oss som driv med lagidrett, og vi ser i ettertid at temaet frå arrangementet kan påverke prestasjonane våre på veg til suksess.

Tema er som allmennkunnskap å regne innafor idrettsverda, men når ein får det framvist på den måten vi fikk i Florø, skaper det ein enorm bevisstheit rundt poenga. I tillegg blir det gjort truverdig sidan alle aktørane allereie har oppnådd ulike grader av suksess.

Førde VBK  takkar vår sponsor Sparebanken Sogn og Fjordane for initiativet og invitasjonen.

For FVBK – delegasjonen
Alf Jonas Pettersen