Treningsveke med Tore Aleksandersen

okt 23, 2015

Denne veka har vi hatt besøk av volleyballtrenaren Tore Aleksandersen. Tore er ein av dei fremste volleyballtrenarane frå Norge og  har brei internasjonal erfaring får toppvolleyball i Tyskland, Finland, Polen og USA. Han har i gjennom veka trena alle våre treningsparti, frå minivolleyball til elite for å inspirere både trenarar og utøvarar.

Tore oppsummerer veka slik:

«Eg er veldig glad for å ha blitt invitert til Førde og få denne muligheita til å bidra. Eg brenn for volleyball og gjennom ei slik veke kan eg vere med å dele av mine erfaringar og hjelpe til med å heve nivået både for spelarar og trenarar.  På dei aldersbestemte laga til Førde har eg sett mange spennande spelartypar, både jenter og gutar,  med stort talent. Utfordinga for desse blir å trene nok og riktig framover for å kunne hente ut potensialet og utvikle seg  til gode volleyballspelarar. Volleyball på eit visst nivå gir en meistringsfølelse som eg unnar mange å kjenne på.

Det har og vore utruleg kjekt å jobbe med herrelaget denne veka. Her har Førde et lag på gang med enormt potensiale. Veldig kjekt å trene spelarar med så gode fysiske føresetnadar.

Eg håpar eg har lært vekk litt i løpet av veka både til trenarar og utøvarar. Den største forskjellen på norsk og internasjonal volleyball er den balltekniske biten spesielt på yngre utøvarar. Klarer vi å heve det generelle nivået litt på norske volleyballtrenarar er det ingenting i veien for å lykkast også internasjonalt sjølv om en kjem frå en liten plass på vestlandet».

Noko Tore sjølv er et lysande eksempel på.

Vi takkar Tore for besøket og mange gode treningstimar i Førdehuset.

forde-tore IMG_0986 IMG_0987 IMG_0988

Få med deg siste nytt, mens det skjer! Følg oss: