Volleyballskule i vinterferien

feb 3, 2016

Førde volleyballklubb arrangerer volleyballskule måndag – onsdag i vinterferien for 4.-10. klasse.

Treningane vert i Førdehuset kl 10-15, frå måndag 15.02 til og med onsdag 17.02. Instruktørar vert spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Vi deler inn i 2 eller 3 treningsparti ut frå tall påmeldte. Du kan melde deg for en eller fleire dagar. Pris: kr 200.- pr dag. Prisen inkluderer matpakke. Betaling kontant ved oppmøte.

Påmelding på e-post til leiar@fvbk.no innan onsdag 10.02 med navn, klasse og kva dagar en vil vere med.