Det blir ikkje kåra ein seriemeister i Mizunoligaen for sesongen 2020-2021.

Styret i volleyballbundet har bestemt at eliteserien er avslutta på grunn av restriksjonane knytt til koronapandemien. Samstundes er det klart at sesongen vert stroken, det vil ikkje bli kåra ein seriemeister i Mizunoligaen, og sluttspelet er avlyst.

– Vi stod i ein situasjon der ikkje alle laga i Mizunoligaen har spelt mot kvarandre i denne sesongen. Nokre lag har spelt mot kvarandre to gongar, og nokre lag har faktisk ikkje møttest. Vi var sju-åtte kampar unna å kunne fullføre grunnserien som enkel serie, men signala vi fekk frå styresmaktene gjorde at vi ikkje såg nokon moglegheit til å fullføre, seier president Eirik Sørdal i Norges Volleyballforbund.

Førde-leiaren meiner avgjerda er rett

Førde Volleyballklubb låg på tredjeplass i eliteserien for herrar, medan damelaget var på femteplass. Desse plasseringane får no ingenting å seie, då alle resultat blir strokne. Klubben stiller seg bak vedtaket frå forbundsstyret.

– Herrane låg an til å bli nummer éin eller to etter enkel serie, men vi tenkjer at dette er rett avgjerd i ein så utfordrande sesong, seier leiar Jan Egil Tvinde.

Som ein konsekvens av avlysinga, vil heller ingen lag rykkje ned frå Mizunoligaen.

Går mot cupfinale til hausten

– Sesongen har vore alt anna enn optimal, og det har medført store utfordringar for oss alle. Vi håpar klubbane er klare over at det er tungt å måtte vedta ei avslutting av serien utan ein seriemeister, men vi klarer ikkje å finne eit godt alternativ som er mogleg eller rettferdig med dei restriksjonane som eksisterer i dag, skriv forbundsstyret til klubbane.

Cupfinalane er utsette til hausten, med september og oktober som moglege alternativ. Førde sitt herrelag skal her møte TIF Viking i kampen om NM-tittel og kongepokal.