Tolv av Førde sine elitespelarar livnærer seg som lærarar – og det er heilt avgjerande for klubben.
– Eg synest det er veldig greitt å kombinere læraryrket og volleyball. Eg har veldig kjekke kollegaer på Førde barneskule, og arbeidstidene passar perfekt med treningstidene, seier Edvard Rørtveit Adolfsen.
Han spelar på Førde sitt elitelag for herrar, og er éin av heile tolv spelarar på elitelaga som jobbar som lærar ved sidan av volleyball.
Det er eit opplegg som er heilt avgjerande for klubben.
– Det er alfa og omega for oss, dersom vi skal klare å ha lag på så høgt nivå. Vi må hjelpe folk med å finne seg jobb når dei kjem hit. Og skulane har behov for hjelp. Det har vore ekstra spesielt med korona og stort press på lærarstanden dei siste åra, seier Johan Kjerstad i Førde Volleyballklubb.
Mange lærarar opp gjennom åra
Kjerstad er mannen som ofte er i sving når nye spelarar skal ha seg jobb i Sunnfjord. Og svært ofte endar det opp med at dei unge talenta får seg ein jobb ved ein eller annan skule i Førde-området.
For det er ikkje første gongen at Førde har mange lærarar på laga sine.
– Det er ingen tvil om at mange volleyballspelarar også har vore lærarar. Vi har hatt mange i klubben opp gjennom åra. Over tid har eg sett at det er eit behov for hjelp på skulane, så då er eg der og hjelper til med å finne jobbar for spelarane våre, seier Kjerstad.
Han understrekar at han hjelper dei han kan med å finne seg jobb, men at det og er mange som finn ut av ting og fiksar jobb på eiga hand.
Kjekt med elitespelar som lærar
På elitelaga finn vi no både vikarar, assistentar og fast tilsette. Det er jobbar som passar godt for eliteutøvarar, som helst skal trene fleire gongar om dagen. Og heller ikkje elevane plar ha noko imot slike lærarkrefter.
Her jobbar «lærarspelarane»:
- Edvard Rørtveit Adolfsen (vikar på Førde barneskule)
- Oskar Raftevold (vikar på Halbrend skule)
- Mads Vassdal (vikar på Halbrend skule)
- Eivind Hettervik (vikar på Førde ungdomsskule)
- Otelie Tuft (vikar på Sunnfjord folkehøgskule)
- August Kalstad (vikar på Halbrend skule)
- Dorthea Tvinde (vikar på Førde ungdomsskule)
- Simon Klopstad (vikar på Førde ungdomsskule)
- Eirik Molland (vikar på Flatene skule)
- Jobjørn Myren (vikar på Sauda vgs.)
- Jenny Fløystad Juliebø (vikar på Flatene skule)
- Kristian Kjøllesdal (fast tilsett på Sunde skule)
– Kva er vel kjekkare for elevane enn å få ein elitespelar som lærar, spør Johan Kjerstad.
– Dessutan trur eg det gjer noko med ungdommane, som kjem inn som lærarar med friskt blod. Så skulane er ein bra plass for spelarane våre, og det har fungert godt over tid, seier han.
Skal ta vare på heile mennesket
Sjølv er Kjerstad på pletten med tips og råd til spelarane, slik at dei skal finne seg til rette raskast og best mogleg. Han er og oppteken av å finne dei rette typane. Dei læraraktuelle spelarane må vere glade i born og unge, og dei må like å involvere seg og få kontakt med elevar.
Han set dei og i kontakt med skulane, men dei må sjølve møte opp og presentere seg på ein skikkeleg måte for å vere aktuell for jobb.
– Litt av filosogien i klubben er å ta vare på heile mennesket. Vi kan ikkje hente folk som berre skal spele volleyball. Dei må anten ta utdanning eller jobbe ved sida av volleyballen, forklarer Kjerstad.
Klare for kvartfinalar i sluttspelet
Til helga skal både herrane og damene spele kvartfinalar i sluttspelet i Mizunoligaen. Herrelaget tar turen til Trondheim, medan damene skal til Randaberg. Der ventar det tøffe kampar for å komme seg vidare til semifinalane.
Laga hadde neppe halde eit så høgt nivå, dersom ikkje spelarane hadde hatt ordningar som legg til rette for mykje trening.
– Eg har tid til trening både før og etter jobb. I tillegg har eg kjekke kollegaer som får det til å gå opp. Det var veldig fint at eg fekk hjelp av klubben og Johan Kjerstad då eg flytta til Førde i fjor, seier Edvard Rørtveit Adolfsen.
PS: På biletet øvst i saka ser vi alle dei skuletilsette spelarane på elitelaga: Edvard Rørtveit Adolfsen (f.v.), Oskar Raftevold, Mads Vassdal, Eivind Hettervik, Otelie Tuft, August Kalstad, Dorthea Tvinde, Simon Klopstad, Eirik Molland, Jobjørn Myren, Jenny Fløystad Juliebø og Kristian Kjøllesdal.