Dei siste fem åra har Kacper Wasilewski vore proff i Polen. No skal den venstrehendte kantspelaren forsterke Førde.

– Eg vurderte å leggje opp eller byrje å jobbe ved sidan av volleyballen. Så kom denne sjansen, og då tok eg han. Det kjennest veldig bra, seier Kacper Wasilewski.

Han legg til:

– Dette er også ein sjanse til å få spele kant, noko eg har hatt lyst til lenge. Så eg synest det er verkeleg moro å få prøve meg her.

Tøff overgang frå profflivet

For om lag ein månad sidan kom Kacper Wasilewski til Førde for å byrje på det nye volleyballivet sitt. Det skulle vise seg å bli ein tøff overgang. For dei siste fem åra har Wasilewski levd av volleyballen på fulltid. Han har spelt profesjonelt for Cerrad Czarni Radom, Mickiewicz Kluczbork, Czestochowa og Polonia London. Plutseleg skulle han kombinere idrett og jobb i eit anna land.

– Spesielt den første veka var tung. Det var trening kvar dag etter jobb, noko eg ikkje har vore vand til – så det vart for mykje. No har eg fått lov til å stå over ei trening i veka. Etterkvart som eg kjem meir inn i dette, og kroppen venner seg til det, så trappar eg nok opp treninga igjen, smiler 24-åringen.

Og det går allereie betre. Wasilewski har komme godt inn i miljøet på elitelaget.

– Her er det ingen proffar, og dei yngste på trening er 16 og 17 år. Likevel er nivået veldig bra. Eg er imponert, seier han.

Vurderte å leggje opp

Heime i Polen fekk Wasilewski tilbod om proffkontrakt då han var 19 år. Han hadde vore kantspelar som junior, men no måtte han spele libero. Det har vore posisjonen hans i alle dei fem åra som proff i ulike klubbar i heimlandet. No er han endeleg tilbake der han helst vil spele.

– Eg treng litt tid til å køyre meg inn som kant, men det skal nok gå fint. Eg er glad for å ha fått denne sjansen til å spele på kanten igjen, seier den venstrehendte angriparen.

Han kan takke ein lagkamerat for at sjansen dukka opp. For etter fem år som proff og litt skadeproblem, vurderte han å leggje opp. Han kunne eventuelt tenkje seg å kombinere jobb og idrett – og gjerne i utlandet. Så møtte han Førdes Oskar Raftevold på proffeventyr i Polonia London.

– Eg spurde Oskar om korleis det var å kombinere jobb og volleyball i Norge, og han sa at eg burde prøve meg. Så då gjorde eg det. Eg har fått hjelp av Johan Kjerstad til å finne meg jobb, og det er eg svært takksam for, seier Wasilewski.

Går framfor med fighter-innstilling

Wasilewski jobbar no for Åsen & Øvrelid, og han trivst godt i Førde. Byen er passe stor, og han likar klimaet betre enn i Polen.

Og i Førde Volleyballklubb er han eit positivt tilskot til elitestallen. Trenar Frank Kalstad er nøgd med å ha fått han på plass.

– Kacper har erfaring frå spel på høgt nivå, og han gir oss tryggheit i forsvar og mottak. Dessutan er han flink til å støtte dei yngre spelarane. Han er ein positiv spelar som viser at det lønnar seg med fighter-innstilling, seier han.

Sjølv gler Wasilewski seg til sesongen kjem i gang for alvor. Han håpar Førde skal bite godt ifrå seg både i serien og cupen. Og førebels angrar han ikkje på at han tok sjansen og reiste til Sunnfjord.

– Eg likar å ta litt sjansar. Og når eg blir 40 år, så vil eg ikkje vere ein som sit der og tenkjer på kvifor eg ikkje reiste til Førde, seier Wasilewski.