Førde Volleyballklubb styrker elitestallen med eit spennande tilskot framfor den kommande sesongen. Sigurd Gjertsås (23) har signert for klubben etter å ha representert Lierne i eliteserien.
Gjertsås er opphaveleg frå Lierne i Trøndelag, og han har tidlegere spelt ei sentral rolle i klubben sin veg til øvste nivå i norsk volleyball. Etter at Lierne rykte ned frå eliteserien etter fjorårssesongen, starta Førde ein dialog med den allsidige spelaren. No er det klart at Gjertsås har valt å ta med seg både ambisjonar og erfaring til Vestlandet.
– Etter en kort prat med klubben på Teams i sommar, var eg ikkje i tvil, seier Gjertsås.
– Sigurd har trent i eit miljø med sterk treningskultur og solide verdiar. Han er ein spelar med høg volleyballforståing, god teknikk og kloke taktiske val. Sjølv om han ikkje er den høgaste spelaren på bana, kompenserer han med smartness, allsidigheit og sterke haldningar – kvalitetar vi set høgt i spelargruppa vår, seier assistenttrenar Kenneth Jørgensen.
Flytta frå familien – godt mottatt i Førde
Sigurd har nyleg flytta til Førde og kombinerer volleyballsatsinga med jobb på OBS Bygg. Han har ein bachelorgrad i idrettsvitskap og skildrar overgangen til ny klubb og by som svært positiv.
– Førsteinntrykket har vore veldig bra. Eg har flytta langt heimefrå, men eg har blitt tatt imot på ein fantastisk måte. Klubben har vore imponerande hjelpsam, både med å finne jobb og bustad, seier 23-åringen.

Satsar høgt i ny klubb
Valet sto mellom studentlaget NTNUI i Trondheim og eliteseriesatsing i Førde. Etter kort tenketid valde han Førde – og ambisjonane for sesongen er tydelege:
– Eg har verkeleg tru på at dette kan bli ein sterk sesong for oss. Vi har hatt gode treningar, og nivået er allereie høgt – sjølv så tidleg i oppkøyringa. Det gir grunn til optimisme, seier Gjertsås, som ikkje legg skjul på at han drøymer om både cupfinale og å kjempe om seriegull.
– Det er trøkk på kvar trening, og det er svoltne spelarar i alle posisjonar. Det er veldig stas å få vere ein del av den største volleyballklubben i Noreg, seier han.
Førde Volleyballklubb ønsker Sigurd velkommen og gler seg til å sjå han i aksjon i eliteserien denne sesongen.