Tobias Østerbø var tidlegare i desember i Gdansk i Polen med det norske U20-landslaget, der laget deltok på Baltic Cup. Der møtte dei tøff motstand og fekk viktig matching på høgt nivå.

– Turen til Polen var veldig gøy og lærerik. Samhaldet i laget er ekstremt bra, og det er veldig kjekt å dele bana med resten av gutta. Trenarane er også flinke og gir gode tilbakemeldingar på spelet vårt, seier Østerbø.

I turneringa fekk landslaget kjenne på nivået til dei polske juniorane og måle seg mot fysisk sterke og tøffe motspelarar. Motstanden var hard, men det norske laget stod godt opp, vann ein kamp og gav god motstand i alle kampar.

– Det var kjekt å kjenne på nivået og spele mot så sterke lag. Eg gler meg veldig til fortsettinga med denne gjengen, der hovudmålet er å prestere i EM-kvalifiseringa fram mot EM i 2027, seier han.

Førde Volleyballklubb er stolte av Tobias og gratulerer med uttak og innsats på U20-landslaget. Vi ønskjer han og landslaget lukke med vidare satsing.

Sjå bilder under: