Alle foto: Martine Viken
Denne sesongen har vi rekordstore grupper på minivolleyball, med tilbod til barn frå siste året i barnehagen og heilt opp til 7. klasse. I år har vi 15 spelarar på 0.–1. klasse, 33 på 2.–3. klasse, 33 på 4.–5. klasse, 18 på 6. klasse og 24 på 7. klasse. Det er fantastiske tal! Onsdag før jul hadde vi felles avslutning med over 100 unge, lovande volleyballspelarar. Der fekk dei yngste prøve seg på turnering for aller første gong, medan dei eldste hadde ulike konkurransar, før vi kosa oss med pizza frå Peppes Pizza, julebrus, pepperkaker og mandarin. Vi tok også fellesbilete i dei nye draktene vi har fått i år, noko som er stor stas for alle.
Takk til klubben for god tilrettelegging av juleavslutninga og for nye drakter, og ein stor takk til dei flinke og engasjerte trenarane som stiller opp kvar veke og legg til rette for meistring, utvikling og moro. Det gror godt i go’klubben 💙

