På årsmøtet i Førde Volleyballklubb vart det klart at Jan Egil Tvinde går på eit nytt år som leiar i klubben. Det vart og klart at Jan Ove Hafstad på kort varsel sa frå seg vervet som nestleiar, og styret fekk då fullmakt av årsmøtet til å konstituere seg sjølv. Det har det nye styret no gjort, og utfallet vart slik:
- Jan Egil Tvinde, leiar
- Thomas Østerbø, nestleiar
- Sissel Sande, styremedlem
- Anne Råheim Tveit, styremedlem
- Rune Fossum Lillesvangstu, styremedlem
- Espen Arefjord, styremedlem
- Laura Nyhammer, styremedlem
- Terje Olav Øen, varamedlem
LES OG: Har vore med sidan starten – no gir han seg i styret