Styret kallar medlemmane i Førde Volleyballklubb inn til årsmøte 2022.
- Stad: Auditoriet på Førde ungdomsskule.
- Tidspunkt: Måndag 28. mars klokka 18.00.
- Sakslista: Saksliste til årsmøte 2022
Ønskjer du tilgang til årsmelding og sakspapir i framkant av årsmøtet, kan du be om dette ved å sende ein e-post til leiar@fvbk.no. Papira blir og delte ut på årsmøtet.
Vi legg opp til pizza og sosialt samvær i starten av årsmøtet, så her er det mogleg å treffe klubbmedlemmar og få med seg kva som skjer i klubben – på éin og same gongen!
For å ha røysterett og kunne bli valt til verv på årsmøtet, må du ha vore medlem av Førde Volleyballklubb i minst éin månad, fylle minst 15 år i inneverande kalenderår og ha gjort opp alle økonomiske krav frå Førde Volleyballklubb. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
Alle er hjarteleg velkomne!
Med sportsleg helsing styret