Vitor Macedo reiser frå Førde for å bli trenar for BK Tromsø sitt damelag.

– Planane og ambisjonane i Tromsø verkar veldig lovande. Eg trur det blir bra for meg, både personleg og profesjonelt, seier Macedo.

Brasilianaren har dei siste åra hatt suksess med Førde, men ønskte no nye utfordringar nord for Polarsirkelen. Han reiser frå Førde med sterke kjensler for klubben.

– Ein bit av hjartet mitt blir igjen i Førde. Eg har så mange sterke minne frå denne staden, og det kjem aldri til å endre seg, seier han og legg til:

– Eg kunne ikkje hatt ei betre tid. Beviset på det, er jo at eg kom hit for å spele berre andre halvdelen av 2016-17-sesongen. Og her er eg enno – fire år seinare. Eg er veldig glad for alt klubben har gjort for meg, og eg kjem til å sakne spelarane og folk i klubben.

 

Ville ha nye utfordringar

Macedo har gjennom fleire år hatt ein svært sentral rolle i Førde Volleyballklubb. Han har vore hovudtrenar for damelaget, og det har resultert i klubben sine første titlar i både cup og serie på damesida. Samstundes har han vore oppleggjar for herrelaget, der det også har blitt både serie- og cupmeisterskap. Han har dessutan vore trenar for toppidrettssatsinga på Hafstad vidaregåande skule.

No har Macedo skrive under på ein toårskontrakt med BK Tromsø og NTG Tromsø. Til hausten tar han over som hovudtrenar for damelaget, som truleg skal spele europacupen neste sesong. Han vil og inngå i trenarteamet på NTG.

– Med Vitor har vi fått ein av dei fremste trenarkapasitetane i norsk volleyball til Tromsø, skriv BK Tromsø i ei pressemelding.

– Eg trur eg kan bidra med erfaring. Dessutan vil eg gjerne bu i ein større by. Eg likar Førde og føler meg heime her, men eg har behov for nye opplevingar – og det vil dessutan bli kjekt å komme nærare venner i Tromsø, seier Macedo sjølv.

Takkar for innsatsen

Vitor Macedo og Førde Volleyballklubb har heile vegen hatt ein god og open dialog, etter at det vart klart at brasilianaren var ønskt av Tromsø. Han har kontrakt med klubben fram til sommaren, og skal fullføre sesongen her.

– Vi takkar Vitor for den gode jobben han har gjort som trenar. Han har lagt til rette for god utvikling av mange spelarar, og han har oppnådd gode resultat med damelaget, seier leiar Jan Egil Tvinde i Førde VBK.

– Han har og vore ein viktig spelar for herrelaget, då laget har oppnådd gode resultat alle sesongane han har vore her. Vi ønskjer Vitor lykke til vidare, og kanskje dukkar han opp att i Førde på eit seinare tidspunkt, seier Tvinde.

Er på jakt etter ny trenar

Førde har hatt god dialog med spelarane dei siste dagane, og no er den sportslege leiinga i gang med å leite etter ein nye trenar for damelaget.

– Det er veldig bra at vi har fått ei tydeleg avklaring med Vitor allereie no. Det viktige framover blir å vere passe utolmodig med å få på plass ny trenarkabal, då eit godt val fort kan vere viktigare enn å få det på plass i løpet av kortast mogleg tid, seier Tvinde.

Leiaren understrear at klubben gjennom fleire år har hatt klare mål om å ha to elitelag i toppen av Mizunoligaen. Dette målet gjeld framleis.

PS: Høgdepunktet for Vitor Macedo i Førde er sjølvsagt 12. januar 2019. Den dagen tok Førde VBK dobbeltgull under NM-finalane, og Macedo var både trenar og oppleggjar. – Den dagen var veldig spesiell, og eg trur det vil bli hugsa i Førde i mange, mange år. Eg er veldig takknemleg for at eg fekk vere ein del av begge dei laga, seier Macedo.