Uvanleg mange av spelarane på førstedivisjonslaget har fått sjansen i eliteserien denne sesongen.

– Det er kjekt at klubben slepper oss til. Veldig motiverande, seier Edvard Rørtveit Adolfsen.

Han spelar til vanleg på førstedivisjonslaget til Førde, men har i haust fått fleire sjansar også på elitelaget. Seinast i heimekampen mot BK Tromsø, der han og markerte seg med å ta poeng. Førde avslutta 3-0-kampen med å ha fem spelarar frå førstedivisjonslaget på bana: Gustav Skrevsrud, Andreas Grønnevik Flåskjer, Cornelius Hilde Eikeland, Mads Søreng og Rørtveit Adolfsen. Tidlegare i kampen fekk og August Kalstad og Elias Lødemel speletid.

– Vi spelar mot elitelaget på trening, så vi er godt førebudde når vi kjem innpå i kampane i eliteserien. Førde sitt elitelag har jo den beste førsteseksaren i Noreg, meiner Adolfsen.

Rogalendingen meiner det er rett av Førde Volleyballklubb å sleppe til dei yngre kreftene når dei kan. Det er sportsleg leiar Jan Egil Tvinde samd i. Han viser til at klubben satsar medvite på dei unge talenta. Samstundes har pandemien gjort det ekstra viktig å sleppe ungkalvane til, då alt spel i førstedivisjon er sett på vent ut året.

Tidlegare i haust har og Mads Vassdal, Martin Fauske og Markus Andresen fått speletid på elitelaget.

– Det er viktig at vi i denne tida klarer å gje både elite- og førstedivisjonsspelarane eit kamptilbod. Dei må få testa seg i kamp for å vere motivert til å trene godt, seier Tvinde.

Herrelaget skal kommande helg til Trondheim for å spele semifinale i NM mot NTNUI.