Førde-spelarane har blitt bombarderte med gratulasjonar og meldingar etter den overraskande cuptriumfen i Oslo.

– Desse dagane har eg nesten vore i ei eiga boble. Vi har fått så mykje merksemd og mange gratulasjonar. Utruleg kjekt, seier Martin Olimstad.

Han er kantspelar og kaptein for det unge Førde-laget, som dei færraste hadde trudd kunne hamle opp med erkerivalen Viking. Det skulle vise å vere ei stor undervurdering. For Førde-spelarane var blotta for respekt for motstandaren, og unggutane varta opp med ein spektakulær kamp.

Det har folk i Førde fått med seg.

– Det har blitt mange gratulasjonar, både kjende og mindre kjende. Eg har og blitt stoppa på opa gate. Så eg trur heile Førde no har fått med seg kva som er den beste sporten i byen, seier Mads Vassdal.

Blir ikkje lei av å snakke om kampen

Den 21 år gamle midtspelaren starta kampen for Førde, og fekk oppleve korleis det er å vere ute på bana i ein så viktig kamp. Energien frå medspelarane var enorm og medverkande til triumfen.

I dagane etter har Vassdal fått over 140 snaps med gratulasjonar, i tillegg til mange gratulasjonar på Instagram.

Reaksjonane let ikkje vente på seg på Førde Volleyballklubb sine plattformer, heller. Klubben har sjeldan opplevd ein slik pågang med gratulasjonar, likarklikk og delingar i sosiale medium. I løpet av nokre dagar har følgjarskaren vakse frå 4100 til godt over 4700 følgjarar på Facebook.

– Folk synest heilt tydeleg at det var artig at vi vann, seier Vassdal.

– Eg blir ikkje lei av å snakke om kampen. Det er jo moro å få merksemd etter noko slikt. Men no må vi ut av bobla igjen, seier Olimstad.

TRIUMF: Førde sitt herrelag etter den imponerande sigeren over Viking i cupfinalen. Foto: Halvor Molland

Full rulle allereie til helga

Kapteinen siktar til at Førde allereie til helga skal spele eliteturnering i Volda. Der er dei beste laga i Noreg med, så då nyttar det ikkje å suge på karamellen lenger. Men han vedgår at det var behov for nokre rolege dagar etter utladinga i Oslo.

– Eg kjende det godt på måndag. Då var eg heilt utmatta. Den første gledesrusen var i ferd med å gje seg, og eg kjende at «skitt, eg er veldig sliten». Kroppen var heilt ferdig. Så eg har lege paddeflat på sofaen og sett kampen i reprise fleire gongar, ler Olimstad.

Og det er kanskje ikkje så rart. Spelarane har berre hatt tre dagar treningsfri sidan dei starta oppkøyringa, og særleg Olimstad og Oskar Raftevold fekk mange ballar å jobbe med frå oppleggar Eivind Hettervik under kampen. Det vart mange høge hopp, harde slag og tøffe landingar.

Men det har og gjeve ny energi inn mot seriestart i oktober.

– Dette var ein perfekt start på sesongen. No må vi berre halde oppe trykket. Vi er ei veldig god treningsgruppe no, seier Martin Olimstad.