– Av 13 spelarar er fire frå Førde, og det same gjeld assistenttrenaren vår. Det må vere historisk, seier Lars Fredrik Tvinde til avisa Firda.

Han er sjølv frå Førde, der han meir eller mindre har vakse opp i Førdehuset og i Førde Volleyballklubb. No spelar han for Oslo-klubben Koll. Og han er ikkje den einaste førdianaren på landslaget. Også Bjarne Nikolai Huus, Øystein Løken Bergum og Jonas Vindedal Langlo blant dei utvalde spelarane. I tillegg er Bendik Gabriel Huus med som assistenttrenar.

Og det sluttar ikkje der. Førde-spelarane Martin Olimstad frå Åmli og Oskar Raftevold frå Innvik har vore sentrale i kampane for Noreg så langt. Dessutan har utanlandsproffen Jonas Kvalen og Koll-spelaren Jarle Fornes også fortid som spelarar på Førde.

– Det er kjekt å ha med seg både noverande og gamle lagkameratar. Det har gjort det lettare for meg å bli kjend med dei andre, då eg allereie har ein god gjeng eg trivst med, seier Oskar Raftevold til fvbk.no.

Er offensive framfor returkampane

Herrelandslaget har dei siste vekene vore samla for å spele EM-kvalifsering mot Kviterussland, Portugal og Ungarn. Dei første tre kampane enda i helga med tap. Noreg hang i einskilde sett nokså bra med, men det heldt ikkje til å vinne nokon av oppgjera.

– Alle dei tre laga vi har fått i pulja vår er relativt bra volleyballnasjonar, og vart dessverre tre tap så langt. Det gjer at vi kjem inn i neste helg som soleklare underdogs. Vi skal i alle fall gje alt vi har og håpe på at det skal halde, seier Martin Olimstad.

Også lagkamerat Raftevold er offensiv framfor returkampane mot dei same laga. Dei siste og avgjerande kampane blir spelte kommande helg. Noreg er ute av kampen om EM-billett, men spelarane er ute etter å rette opp inntrykket frå dei første kampane.

– Vi må heve oss nokre hakk om vi skal ta sett og vinne kampar, men vi har i alle fall ein god dynamikk i gruppa og mykje god stemning, seier nordfjordingen.

Har vore lærerikt å spele på høgt nivå

Både Raftevold og Olimstad har fått mykje speletid i EM-kvaliken, medan Førde-kollega Bjarne Nikolai Huus har slite med skade og berre fått spele den første kampen mot Ungarn. Noreg har og slite med skader på andre viktige spelarar.

– Vi har vore litt uheldige med skadar i løpet av samlinga, og det har resultert i at vi har fått starte kampar. Det har vore utruleg moro og lærerikt å få spele på så høgt nivå. Det tok litt tid i starten, før eg vande meg til både tempo på legg og servetrykk frå motstandarane, men eg føler at det byrjar å bli bra no, seier Olimstad.

Her er oppsettet for dei siste kampane til Noreg i EM-kvaliken:

  • 14. mai: kl. 16.00: Norge – Ungarn
  • 15. mai: kl. 18.00: Norge – Portugal
  • 16. mai: kl. 15.00: Kviterussland – Norge

Du kan følgje kampane via stream på nettstaden eurovolley.tv.