Førde har fått med fire spelarar på dei aldersbestemte innandørslandslaga innandørs, som i sommar skal ha samlingar ulike stadar i landet. Til hausten skal landslaga spele NEVZA-turneringar.

Her er uttaka med Førde-spelarar:

  • Selma Vassdal (bilete under), Daniel Klopstad og Mikal Kalstad (bilete over) er tekne ut til samling med dei norske ungdomslandslaga i Vesterålen i slutten av juni. Samlingane er viktige ledda i oppkøyringa mot NEVZA U17 i oktober, som og er første runde i EM-kvalifiseringa.
  • Lars Selstad Thue (bilete under) er teken ut til samling med det norske juniorlandslaget i Åsane Arena i Bergen i månadsskiftet juni-juli. Denne samlinga er viktig i oppkøyringa mot NEVZA U19 i oktober.

Også naboklubben vår, Svelgen, er godt representert på landslaga. På ungdomslandslaget for gutar har Svelgen fått med Albert Bueie og Daniel Gjerde Sætren. Jenny Sørgulen er teken ut på jentelaget for juniorar.

 

Selma Vassdal til venstre

Lars Selstad Thue