Damelaget har ikkje snakka om tabellen framfor sesongen. Målet er derimot å bli litt betre både individuelt og som lag på kvar einaste trening.

– Det blir kjekt med heimekamp etter så lang tid sidan sist, seier Jan Egil Tvinde.

Han er trenar for Førde sitt eliteserielag for damer, og gler seg til å komme i gang med sesongen også på heimebane. Søndag ventar Randaberg i den første kampen for sesongen i Førdehuset.

Tvinde trur på ein god kamp – og han meiner laget er spennande å sjå på.

– Det er ein gjeng med smilande og sprudlande jenter, seier han.

Eit lag med lite erfaring

Sidan fjoråret har Førde hatt store utskiftingar i spelarstallen. Mellom andre har Sara Krumsvik, Laura Reeks, Hilde Elvebakk Hjelmeland og Maria Farsund forlate klubben.

Dermed blir det ei tyngre bør på skuldrene til spelarar som Jenny Fløystad Juliebø, Marte Solheim Gundersen, Frida Eklöf-Flugstad og Dorthea Tvinde.

Til gjengjeld har laget ei rekkje unge og svoltne spelarar. Berre i helga debuterte Sanna Midtbø, Jenny Sørgulen, Elsa Samuelsen og Elisa Skoland i eliteserien for Førde.

– Vi har ein liten stamme med litt erfaring, som må klaffe med fleire nye og unge spelarar. I sum er vi eit lag med lite erfaring. Hovudmålet vårt er å bli litt betre både individuelt og som lag på kvar trening, seier trenaren.

Jenny Fløystad Juliebø og Førde jublar over poeng mot Oslo Volley i helga. Foto: Andreas Kristoffer Berge, kvinneidrett.no

Alt over femteplass er ein opptur

Sist helg sesongopna laget med å spele tre kampar i Oslo. Det enda med to tap (3-1 mot Oslo Volley og 3-0 mot Koll) og ein siger (0-3 mot Skjetten). Førde er no plassert midt på tabellen i eliteserien, rett nok før alle laga har komme i gang med sesongen. Men tabellen er ikkje tema i spelargruppa.

– Vi har ikkje snakka om tabellen. Men om vi plasserer oss betre enn femteplass, har vi overraska alle storleg. For målet vålet er å utvikle oss kvar dag, samtidig som vi har det kjekt i lag, seier Tvinde.

Her er spelarane på elitelaget:

  • Selma Vassdal, midt
  • Jenny Sørgulen, leggar
  • Sanna Midtbø, libero
  • Elsa Samuelsen, midt/diagonal
  • Marte Solheim Gundersen, libero/kant
  • Dorthea S. Tvinde, leggar
  • Johanna V. Bø, kant
  • Frida Eklöf-Flugstad, kant
  • Astrid Lid, midt
  • Elisa Skoland, midt
  • Otelie Tuft, kant/libero
  • Jenny Fløystad Juliebø, diagonal

Vil du bli betre kjend med laget? Då kan du sjå bilete og lese meir om spelarane her!