Tvinde og Tvinde oppsummerer sesongen hittil
2016 er godt i gang, og allereie til helga skal alle våre topplag i aksjon. Kl 11 møter 1.divisjon Austrått, kl 14 møter elitedamene Tønsberg, mens eliteherrene avsluttar dagen mot Kristiansund kl 16. Ta turen i Førdehuset du også!
I forbindelse med nytt år og nye moglegheiter har vi bedt Tvinde junior og Tvinde senior om å gjere opp status for herrene etter halvspelt sesong:
På FVBK-dagen den 15. august sette spelargruppa seg følgande mål for sesongen:
- Cupfinale
- Topp 3 i serien
- Bygge opp eit godt treningsmiljø – bli det klart beste treningstilbodet i landet
- Bli det laget som skapar mest stemning
Hårete mål, men det må me tåre å ha. Og her har me innfridd på best tenkelig vis. Med motoren Jan Ove i spissen har klubben nådd mål etter mål. Cupfinalespel vart sikra på heimebane like før jul etter det som må vere ein av dei mest underhaldande norske volleyballkampane i 2015. 16.januar spelar vi for gull i Oslo! I serien ligg vi på ein 3.plass, og er godt i rute til sluttspelet. Dette, kombinert med svært gode tilbakemeldingar frå spelargruppa, ser vi oss nøgde med utviklinga vår.
Trenarar og støtteapparat set stor pris på den positive spelargruppa me har i Førde. Med slikt engasjement kan vi nå langt. At vi er det laget som skapar mest stemning har både media og publikum sett pris på. Me har hatt godt oppmøte av presse og publikum på heimekampane, det toppa seg i semifinalen då over 700 engasjerte publikumarar lagde stor ståhei gjennom heile den 3 timar lange kampen.
VI håpar mange delar sin positive energi med oss i 2016.
Trenarane Tvinde og Vie takkar spelarane sine for ein super haust og er klar for å ta fatt på 2016.
Klubben ynskjer alle eit godt nytt år, og inviterer alle til heimekamp allereie no på laurdag (kl 11, 14 og 16)!








