Strategiplanlegging Førde VBK

feb 23, 2016

Måndag 29 februar og tysdag 1 mars frå kl 1700 – 2200 på Scandic sunnfjord hotell. Det vert lett servering.

Ingar Breilid og Ingrid Narum frå Idrettskrinsen vert med og leiar prosessen. Målet er å legge en ny 5 års strategiplan for Førde VBK.

Vi håpar alle frå styret, trenarar , støtteapparat og spelarar frå herre og damelaga våre og elles alle som vil vere med å planlegge framtida til klubben prioriterer å vere med desse to kveldane.

Strategiplanen og budsjett skal vedtakast på årsmøtet i klubben som vi held  torsdag 14.april.

Vi har lagt tilsvarande strategiplanar to gangar tidlegare, i 2003 og 2010. Begge gangane satte vi oss høge mål  og begge gangane har vi oppnådd desse måla. Det er no på tide å legge en ny plan som vi alle kan vere einige om og jobbe mot i fellesskap.

Vel møtt!