Velkomne til Førde-cup 11.-13. november
Invitasjon til Førde-cup frå fredag 11. til søndag 13. november i Førdehuset.
Påmelding
Meld deg på her!Påmeldingsfrist er sett til søndag 30. oktober 2016.
Klassar
MiniVolley nivå 3
- Gutar og jenter i same klasse
- 1 hold
- 2-3 spelarar på bana
- Netthøgd: 2,00 m, Bane: 6 x 6 m
- Spelar både laurdag og søndag. Minimum 5-6 kampar pr. lag i løpet av turneringa.
- Ikkje sluttspel, inga kåring av vinnarar, premie til alle.
- Kr. 800,- pr. lag
U13 (GU13, JU13) (Nivå 4)
- Eigne gute- og jenteklassar
- U13 årsklasser: 2004, 2005, 2006, 2007
- Vanleg volley (ingen hold)
- 2-3 spelarar på banen
- Netthøgde: 2,10 m, Bane: 6 x 6 m
- Kampar både laurdag og søndag. Minimum 5-6 kamper pr. lag i løpet av turneringa.
- Ikkje sluttspel, inga kåring av vinnarar, premie til alle.
- Kr. 800,- pr lag
U15/U17
- Eigne gute- og jenteklassar
- U15 årsklasser: 2002, 2003,2004
- U17 årsklasser: 2000, 2001, 2002,2003
- Ein kan søkje om å få bruke eldre spelarar på laget. Her kan ein berre bruke spelarar som er eitt år eldre (f.eks. i U17 kan ha med ein spelar fødd i 1999). Send søknad på e-post til leiar@fvbk.no
- Netthøgd: U15 – 2,18/2,24 m, U17 – 2,24/2,35 m, U19 – 2,24/2,43 m
- Spelar både laurdag og søndag (innleiande kampar laurdag, sluttspel og finalar på søndag)
- Kr. 1 250,- pr. lag
Arrangør kan slå saman klassar dersom talet påmelde lag blir lågt i enkelte klassar.
Overnatting på Førde ungdomskule
Skulen ligg rett bak kamparenaen, Førdehuset. Påmelding til overnatting gjer de ved å sende e-post til leiar@fvbk.no. Send med namn på dei som overnattar og tal vaksne/barn.
Overnattingspakke 1: Pris kr. 520,-
- Kveldsmat fredag kl. 20-22 på ungdomsskolen
- Kveldsmat laurdag
- Overnatting fredag-søndag
- Frukost laurdag og søndag
- Middag laurdag frå kl. 1700 – 1900 på Førde Ungdomsskule
Overnattingspakke 2: Pris kr 400,-
- Overnatting laurdag-søndag
- Middag laurdag frå kl. 1700 – 1900 på Førde Ungdomsskule
- Kveldsmat laurdag
- Frukost søndag
Kiosk på Førde Ungdomsskule
Det blir kiosk på Førde ungdomsskole under hele turneringa. Her sel vi brus, sjokolade, frukt, og enkel, varm mat.
Opningstider
- Fredag kl. 18:00 – 23:00
- Laurdag kl. 12:00 – 16:00 og 20.00 – 23.00
- Søndag 12.00 – 14.00
Hotell
Førde volleyballklubb har samarbeidsavtale om prisrabatt med Scandic Sunnfjord hotell. Hotellet ligg i gåavstand frå Førdehuset.
