Etter søndagen sine kampar er vi stolte over å kunne sende over 11.000 kroner til Kreftforeininga! Førdehuset, publikum og spelarar var kledde i rosa og markerte Rosa sløyfe-aksjonen på ein flott måte. Tusen takk til alle som stilte opp!
Damelaget (Førde – NTNUI 3-2)
Først ut var damene våre, som for første gong denne sesongen hadde alle spelarar tilgjengeleg. Motstandar var nyopprykka NTNUI, som av mange før sesongen var tippa langt ned, men som dei to siste kampane har slått både fjorårets serievinnar Randaberg, og TIF Viking.
Og NTNUI viste at det ikkje var noko lett lag å spele mot. Gjennom heile kampen satt dei oss under press på serve og tok godt i mot, då er det vanskeleg å vere motstandar. For vår del varierte spelet veldig, og tidvis spelte vi det dårlegaste vi har gjort heile sesongen. Men tidvis er vi også heilt oppe der vi skal vere. Når 4 sett var ferdigspelte og stillinga stod 2-2 vart det gjort ein feil som gjorde at oppstillinga i 5.sett vart feil, midtane og kantane hadde bytta plass. Det førte til mykje tenking, både på og utanfor bana, men jentene viste styrke og spelte kampens beste sett og drog sigeren i land!
Førde-jenta Karoline Nore gjorde comeback for heimklubben denne kampen, godt å ha deg tilbake!
Herrelaget (Førde – NTNUI 3-0)
Etter at Sverre tråkka over på laurdagen si trening var det duka for ein 10.klassing frå start, Martin Fauske. Martin imponerte med å slå inn nokre harde paterar og han hang godt med i blokk, sjølv på eit nivå han aldri har vore i nærleiken av før!
Men det var NTNUI som starta best, og på stillinga 14-20 såg det ut som dei skulle ta det første settet med god margin. Men ei flott opphenting av Førde, og ei god serverekke av Mathias Loftesnes redda inn settet for heimelaget. Etter det hadde gutane vore god kontroll, og NTNUI klarte aldri å yppe seg ordentleg. Gutane tok sigeren 3-0, og sikra sin 5 femte siger på fem kampar.
Benjamin Vangen fekk også sin Førde-debut denne kampen, vi gler oss til å sjå han vidare i blådrakta!
Saker:
https://www.nrk.no/sognogfjordane/han-har-gjort-alvor-av-snart-to-ar-gamle-lovnader-1.13744800
https://www.firda.no/forde/nyheiter/sunnfjord/gir-vekk-titusenvis-etter-vinnarkamp/s/5-15-474826