Ho har jakta OL-billett på sand. No vender Emilie Olimstad tilbake til innandørs – og blir ein nøkkelspelar for Førde!
– Eg trur det kjem til å bli veldig bra. Det er høgt nivå på laget, så eg trur vi kjem til å hevde oss både i serien og cupen, seier Olimstad.
24-åringen vart nyleg samd med Førde Volleyballklubb om å spele i blått den kommande sesongen. Ho er mest kjend som ein av Noregs beste sandvolleyballspelarar, men kan og vise til eit proffopphald i tyske Ladies in black Aachen.
Dei siste åra har sørlendingen satsa for full på sandvolleyball, der det store målet var OL i Paris i 2024. Det gjekk ikkje, og no er Olimstad klar for å ta ein sesong innandørs.
Valet vart altså Førde Volleyballklubb.
– Eg kom inn på eit studium eg veldig gjerne ville inn på i Bergen. Og no passar det godt med eit avbrekk i beachkarrieren. Når det då i tillegg klaffa med Førde, så kunne det ikkje bli betre, seier ho.

Skal trene med herrelag
Olimstad skal spele kampar for Førde i eliteserien, men kjem til å bu og studere i Bergen. Der skal ho trene med herrelaget til BSI i førstedivisjon.
– Det ordna seg bra. Eg vil få eit høgt nivå på treningane, og eg har alltid respondert bra på å trene med gutar, seier ho.
Sist helg tok sørlendingen sitt tredje NM-gull i sandvolleyball. No har ho fullt fokus på studium og innandørssesongen med Førde.
– Det er eit krevjande opplegg å skulle studere og trene i Bergen, og i tillegg spele kampar med Førde – som trass alt ligg fleire timar unna?
– Det vil alltid vere krevjande med ei slik totalbelasting. Men eg har sakna det, og eg trur studiet vil gje meg mykje. Så det er ei positiv greie, seier Olimstad og legg til:
– Eg håpar å bidra med energi frå trening med gutar og eit inspirerande studium.
Blir viktig for Førde
Trenar Jan Egil Tvinde ser veldig fram til å få den rutinerte kantspelaren på laget.
– Emilie tilfører oss ein positiv og energisk treningskultur. Ho stiller høge krav til seg sjølv, og ho dreg andre med. Ho er ein draum å ha på laget med sitt blide vesen, særs gode kommunikasjonsevner og sine svært gode tekniske volleyballferdigheiter, seier han.
Tvinde held fram:
– Ho er ein knallgod spelar i Noreg, som blir viktig i laget vårt. Vi gler oss til å sjå ho og laget utvikle seg gjennom sesongen.

Kan bli eit topplag
Sjølv er Olimstad full av lovord om treningskulturen i Førde. Ho meiner den er den beste og mest profesjonelle i her til lands. Og ho trur laget kan gjere det godt den kommande sesongen.
– Det hadde vore moro å få med seg ein cupfinale. Og held vi nivået frå trening, så kjem vil til å gjere det godt i serien og. Det er gode spelarar på papiret. Så det ser bra ut, seier ho.
Etterkvart er det aktuelt å spele sandvolleyball igjen. Overfor Agderposten har Olimstad signalisert at ho gjerne satsar mot OL i 2028. Men inntil vidare er det innandørs som gjeld.
– No tar eg dette året og ser det litt an. Dersom det blir veldig gjevande, kan det vere eit alternativ å spele profesjonelt innandørs igjen. Og har eg det fint i Førde, så kan eg og halde fram her, seier ho.
PS: Med Emilie Olimstad på plass, har Førde Volleyballklubb to blad Olimstad i stallen. Frå før er Martin Olimstad kantspelar og kaptein på elitelaget for herrar.
