Øystein fekk landslagsdebuten!
Perioden 3-10 september brukte herrelandslaget på å trene og spele kampar i Slovenia. Vår libero, Øystein Bergum, var med og fekk spele sine første kampar med flagget på brystet. Han fekk prøve seg mot Slovenia, Saudi-Arabia og tre slovenske klubblag.
Dei to første kampane var Slovenia motstandaren. Norge sleit med å få spelet til å sitte dei første dagane, og tapte dei to første kampange ganske klart. Det vart bestemt å spele fire sett uansett, og resultata vart då 4-0 og 3-1 til Slovenia. I dei tre neste kampane var det slovenske klubblag som sto for tur. Først vart Champions League laget ACH Ljubljana for sterke, men det norske laget viste til tider at dei var på høgde med eit veldig bra lag.
Dei to neste kampane viste Norge kva som bur i laget, og vant mot to av dei beste laga i Slovenia. Begge kampane enda 3-2, noko som er meget gode resultat mot lag som er 100% profesjonelle. Norge tok med seg sjølvtilliten dei førre kampane inn til den siste kampen mot Saudi-Arabia. Her opna Norge sterkt, og vant første settet, før Saudi-Arabia viste at dei var eit lite hakk betre, og vann dei tre neste.
Alt i alt hadde det norske laget ei god utvikling gjennom heile samlinga. Dei var på høgde med alle laga dei spelte mot, og med to sigrar viste dei at landslaget er på veg framover. Det lover bra med tanke på EM-kvalifiseringa til våren, der forhåpentlegvis fleire Førde-spelarar blir med.