Oppsummering av opningshelga

okt 13, 2015

Pangstart på årets sesong. Eliteherrane og 1.divisjon gjorde reint bord mot henholdvis Koll og Blindheim
i sine første kampar for sesongen. Også elitedamene viste gode takter i ein jamnspelt åpningskamp.

Årets volleyballsesong er i gang for fullt. Denne helga spelte FVBK tre kampar og gjekk sigrande ut av to. Med mange nye fjes i kledd blått for anledningen var dette ein svært gledelig dag oppsummerar Jan Ove Hafstad etter at siste ball er ferdigspelt i Førdehuset. Han er sjølv godt nøgd med kva klubben viser på bana i dag.

Vi ynskjer også å takke alle som møtte opp for å sjå kampane, både i Førdehuset og på videostream. Nærare 400 tok turen i Førdehuset, mens 428 såg kampane på nett. Imponerande!

Herrekampen mot Koll

Herrane gjorde reint bord mot Koll og gjekk ut av kampen med settsifra 3-0 (25-13, 25-17, 25-17). I ein kommentar seier den nye midtspelaren Sverre Flåskjer at dette lovar godt for resten av sesongen. Spelargruppa rettar ein stor takk til alle dei nærare 400 tilskodarane som møtte til kampen.

Damekampen mot Koll

Elitedamene spelte lenge og godt, men trakk desverre ikkje det lengste strået. Kampen enda 2-3 (27-25, 16-25, 28-26, 25-13, 15-10). Den beste poengplukkaren Julie Tvinde seier dei gjorde for dårleg jobb i mottak, men viste gode tendensar i
fleire periodar. Hovudtrenar for det unge jentelaget meiner det var ein god start på årets Mizunoliga.

Herrekampen mot Blindheim i 1.divisjon

I Ålesund pangopna karane i 1.divisjon med 3-0 over i Blindheim, og trenar Kenneth Jørgensen oppsummerer kampen slik: «For en fantastisk kamp, for et lag og for noen karer! I dag vant vi 3-0 mot Blindheim i sesongens første seriekamp i 1.divisjon. Med to kontrollerte sett og ett litt jevnere, ble seieren aldri truet. Faktisk eliteseriestandard under store deler av kampen. No venter en god treningsuke før ranking i Trondheim neste helg. Takker Blindheim for en flott ramme rundt kampen.»

Også Blindheim vart rett imponerte, og oppsummerer kampen mellom anna slik: «… og vi er ikke i stand til å stoppe Førde’s diagonal Einar Torjusen, som slår inn stort sett alt gjennom hele kampen.» Ikkje så rart om du har sett bicepsen på den karen.

Omfattande pressedekning

Også media har fått med seg at vi satsar i Førde om dagen, under har vi samla artiklar frå NRK og Firda i forbindelse med seriestart.

Firda: «Snakk om speleglede»

Les om herrekampen mot Koll

Firda: «- Vi vil vere blant Norges beste»

Les om Førde si satsing før seriestart

Dagen i bilete

FVBK -42

FVBK -1 FVBK -9 FVBK -13 FVBK -19 FVBK -26 FVBK -30

peppes

Både dame- og herrelaget samla på Peppes Pizza etter kamp. Stor takk for strålande pizza og service!

 

buss-elvetorget

Laurdag parkerte vi lagbussen midt i sentrum og inviterte folk på kamp.

Alle kampbilete er teke av fotografen (og elitespelaren) vår Elisabeth Viken, det finst fleire bilete her.

Få med deg siste nytt, mens det skjer! Følg oss: