3-0-seier over Kristiansund
Laurdag (24/10) var karane i aksjon i Kristiansund. Etter først to greie, og deretter eitt litt jamnare sett, viste tavla til slutt 0-3 til bortelaget og 3 nye poeng var i boks. Karane gjorde ein god innsats, og i ein kommentar til redaksjonen uttalar coach Tvinde at kampen var jekla bra sett frå hans perspektiv i Atlanten Idrettspark.
Også massemedia var til stades i hallen, og Tidens Krav har oppsummert kampen og intervjua nokre av Kristiansundspelarane. Vi har også lånt artikkelbiletet vårt frå dei.
Karane har med det full pott etter to serierundar, og delar tabelltoppen med Randaberg.
Debutant vart toppscorar
Einar Torjusen debuterte på elitelaget denne kampen, og for ein debut! Einar spelte solid og ga seg ikkje før jentene i sekreteriatet på sidelinja hadde notert seg 14 poeng (12 angrep og 2 blokk) og han vart med det beste poengplukkar for Førde. Ikkje verst, men heller ikkje uventa med eit slikt bicepsmaskineri. Mathias Loftesnes kom like bak på lista med sine 13 poeng.
Storkampar neste helg
Neste helg set karane kursen sørover mot Bergen og Stavanger. Laurdag møter dei fjorårets serie-, cup, og sluttspelsmeister Nyborg, mens søndag brakar det laust mot Randaberg, som i går vann 3-0 over nettopp Nyborg. Alle tre lag har høge ambisjonar denne sesongen, så dette blir spennande!
Helga oppsummert i bilete og video
Det siste elementet (rett over her) er ein video. Hald musa over (eller klikk på det om du er på mobil/nettbrett), så kjem Play-knappen til syne og du kan sjå Torjusen angripe i reprise så lenge du vil.