Full rulle i Førdehuset søndag

nov 16, 2015

Søndag spelte alle Førdelaga seriekampar.

Elitedamene åpna dagen mot Oslo volley som var på vestlandsbesøk. Desverre makta ikkje damene våre å overliste dei regjerande cupmesterane frå i fjor. Damene måtte sjå seg slått 3-0.

Langt bedre gjekk det for eliteherrane. Med eit forrykande godt servepress vart BK Tromsø satt på helande frå første ball. Gutane gav ingenting ved dørane og fullførte kampen med ein sterk 3-0 siger over nordlendingane. Trenar Tvinde vart godt nøgd med den postive energien i laget. Han drar fram Jarle Fornes og Håvard Aarrestad som dagens store profilar. No rettar han blikket fram mot neste helg. Då kjem Nyborg VBK på besøk for å gjere opp om cupavansement.

Klubben avslutta med å sende førstedivisjon i elden på vår flotte heimebane. Dei tok i mot Blindheim som stilte med eit ungt lag. Med ein senior Tvinde på bana stråla dei unge førdespelarane og viste svært gode takter i ein 3-0 siger. Coach Kenneth Jørgensen oppsummerar kampen slik:

«Det svinger I prestasjonene til 1.divisjons-laget; Etter en dårlig kamp mot rivalene Nyborg (tap 3-1) I går, ble det en oppløftende kamp mot Blindheim I dag, med seier 3-0 og tre viktige poeng. Med unntak av et jevnt første sett som kunne endt med settseier til begge lag og jevnt I starten av 2 sett, ble seieren aldri truet og med relativt god kontroll, kunne vi rulerere en del på spillerne. Dommeren kom I fokus I 2 sett, noe jeg tror resulterte I at luften gikk ut av ballongen til Sunnmøringene. En ordentlig lagseier der alle bidro sterkt! Kjekt at lensmann Tvinde bidro på diagonalplass, som gir stor trygghet til «ungkvalpene» mine.
Nå har vi to treningsuker på oss til å forberede rankingturnering i Tønsberg, der vi vant siste turnering. Takk for en kjekk kamp til BIL.»

Klubben vil også takke Firda for kampstream!

Firda: «Endeleg er det konkurranse om å bli toppscorar»

Firda om den gode framgangen på herrelaget.

Firda: «Tøff motstand i vente»

Firda i forkant av kampane.

Firda: «No vil veslesøster Viken stele fokuset»

Firda om søstrene Martine og Elisabeth Viken.

 

IMG_4063 IMG_4156 IMG_4169 IMG_3840 IMG_3869 IMG_3952 IMG_4008

Elisabeth Viken, kombinert elitespelar og klubbfotograf, har fleire bilete her.