For brørne Sverre og Andreas Grønnevik Flåskjer vart kampen i eliteserien mot OSI ekstra spesiell.

Då Andreas kom innpå i det tredje og siste settet, var det første gongen nokosinne at han og broren Sverre spelte på same lag. Med eitt var det to brør på bana for Førde i eliteserien.

– Vi har aldri tidlegare vore på same lag, Det er ganske sikkert, seier Sverre Grønnevik Flåskjer og ser bort på veslebroren.

– Vi har ikkje spelt i lag på juleturnering ein gong, ler Andreas.

– Førde er ein god plass å vere

Det meste gjekk vegen for Førde i heimekampen mot OSI. Dei to første setta enda med 25-18 og 25-11 til blåtrøyene, og etterkvart sette trenar Branislav Duric inn fleire mindre rutinerte spelarar. Dei tok i kampen og fekk vise seg fram då Førde vann det tredje og siste settet 25-20.

– Det var kjekt å debutere i eliteserien, samstundes som vi var to brør utpå der. Det var moro å komme inn og få vere borti ballen, seier Andreas Grønnevik Flåskjer.

Brørne er frå Volda. Andreas er fødd i 2001, medan Sverre er fødd i 1996. Førde var eit naturleg klubbval for dei begge.

– Sverre hadde fortalt meg litt, så eg visste at det var eit godt treningsmiljø her. Dessutan er Branislav ein god trenar, og Eirik Flatjord er ein bra fysisk trenar. I tillegg er det ein kjekk gjeng, seier Andreas.

Sverre er heilt samd.

– Førde er ein god plass å vere, både med tanke på klubben og miljøet. Det er mange folk i klubben, som står på for at vi skal trivast også utanfor treningane, seier storebror.

Hadde vore kjekt å vinne gull i lag

Etter sju serierundar har Førde Volleyballklubb blanda seg inn i tetstriden i eliteserien. Det er tre poeng opp til topplaget Koll, og bak halsar Viking med nokre kampar færre spelt.

– Det hadde vore kjekt å bli seriemeistrar i lag. Og ekstra stas å vinne cupen i tillegg, seier duoen.

PS: Fleire andre brør har i nyare tid tidlegare spelt saman for Førde, mellom andre Bjarne Nikolai og Bendik Huus, Thomas og Andreas Haug, Kjell Erik og Morten Kvamsdal og Martin og Jetmund Berntsen.