Førde har fått med tre spelarar på det norske herrelandslaget, som skal spele EM-kvalik i mai. Oskar Raftevold og Martin Olimstad debuterer med flagget på brystet.

-Det er noko eg har trent for i mange år, så det er stort for meg å bli tatt ut på landslaget for første gong. Eg har blitt tatt ut på samling før, men har ikkje halde nivået til å bli med vidare i troppen, seier Martin Olimstad (23).

– Klubben driv på høgt nivå

Førde-spelaren er blant fem debutantar på det norske landslaget denne våren. Det er og Førde-kollega Oskar Raftevold (25). I tillegg har Førde fått med Bjarne Nikolai Huus, som etterkvart har blitt eit fast innslag på landslaget.

– Det er utruleg kjekt at det er to andre frå laget som og skal vere med, seier Olimstad.

– Det viser at klubben driv på eit høgt nivå, konstaterer Førde-leiar Jan Egil Tvinde.

Får testa seg mot sterke utanlandsproffar

Noreg skal i helga 7. – 9. mai til Ungarn for å spele EM-kvalifisering mot Kviterussland, Portugal og vertsnasjonen. Helga etter reiser dei til Portugal for å spele det andre oppgjeret mot dei same laga. Men aller først skal troppen til Marinor i Slovenia før å førebu seg på kvaliken.

– Eg gler meg veldig til å teste nivået mot resten av gutane, med fleire utanlandsproffar i spissen, seier Olimstad.

PS: Fleire av dei andre spelarane i troppen har tilknyting til Førde. Ikkje minst gjeld det Jonas Vindedal Langlo, som også debuterer på landslaget denne våren. Han kjem frå Førde, men spelar til dagleg for TIF Viking. Også dei tidlegare Førde-spelarane Lars Fredrik Tvinde, Øystein Løken Bergum og Jonas Kvalen er tekne ut. Trenar for laget er Bendik Gabriel Huus, også han kan skilte med bakgrunn i Førde.

Bjarne Nikolai Huus er med i den norske landslagstroppen. Han får med seg Førde-spelarane Oskar Raftevold og Martin Olimstad, som begge er debutantar på landslaget.