I den nye storsatsinga til Førde Volleyballklubb vil den tidlegare dametrenaren, Jan Egil Tvinde, ta over herrelaget, etter Marcin Lubiejewski. Det betyr at Kasia Ciesielska blir trenar for damelaget. Ho har tidlegare vore assistenttrenar for damene, men er no klar for å få hovudansvaret.
Som ein kunne lese i Firda på onsdag valde Førde voleyballklubb å ikkje forlenge kontrakta med noverande trenar Marcin Lubiejewski av økonomiske grunnar. Derfor går Jan Egil Tvinde inn i ei ubelønna rolle som hovudtrenar. Etter å ha tatt damene til eliteserien, og etablert dei der, føler styret at Tvinde er riktig mann til å lede Førde-herrane vidare. Ved å bruke sine volleyballfaglege kunnskaper og sosiale ferdigheter, (nesten) eit halvt århundre med erfaring og ein kjærlighet for idretten ein sjeldent har sett, er Tvinde klar til å lede Førde til å bli det beste laget Norge har sett.
Den som skal erstatte Tvinde som trenar for damelaget, er polske Kasia Ciesielska. I tillegg til å ha vore assistentrenar, har ho ansvar for volleyballsatsinga på Hafstad vidaregåande skule. Ho har derfor veldig god kjennskap til det unge Førde-laget. Kasia har mange år med volleyballerfaring frå Polen, ein av verdas største volleyballnasjonar, og ho skal no bruke det til å løfte Førde-damene til nye høgder.
Kenneth Jørgensen held fram som hovudtrenar for herrelaget i 1.divisjon.
I Firda kan ein lese at styremedlem i Førde volleyballklubb, Jan Ove Hafstad, er svært positiv til klubben si framtid. Han seier at entusiasmen allereie har økt, etter at Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes signerte for Førde forrige veke, og håpar no at dei nye trenarane kan gi klubben endå eit løft.