Cupfinale!

des 21, 2015

For ei helg! For eit lag! Og ikkje minst for eit publikum!

Laurdag var det klart for andre og avgjerande semifinale i NM. Reglane var enkle, etter at Randaberg vann 3-2 forrige helg, måtte Førde vinne for å ha moglegheit til å kome til cupfinalen. Med 3-0 eller 3-1 ville Førde gå direkte vidare, med 3-2-siger måtte laga ut i golden set, der førstemann til 15 poeng vinn.

Og for eit oppgjer det vart, sjeldan får publikum slik valuta for pengane. Dei to første setta spelte laga relativt jamt der Førde tok første sett 26-24, mens Randaberg tok det andre 25-20. I tredje sett sette Førde inn sjettegir, mens Randaberg ikkje kom lenger enn første, og poengtavla viste til slutt 25-9 til Førde! Randaberg hadde derimot ikkje tenkt å gje seg utan kamp og henta seg inn igjen med siger i fjerde sett 25-21. Med to sett til kvar var det klart for eit femte sett der Førde måtte ha siger for å få eit golden set. Den oppgåva tok laget seriøst og overbeviste med siger 15-9.

Med 3-2-siger til Førde var det klart for golden set. Førstemann til 15 får billett til Oslo. Og den billetten såg det ut til at det var Førde som ville ha. 5-0 stod det før Randaberg fekk sitt første poeng, og etter 10-6 var det berre poengkontoen til Førde som var aktiv. Golden set enda 15-6 og jubelen i Førdehuset stod i taket!

Under har vi oppsummert alt media har skrive om helga, og superfotograf Elisabeth Viken har teke masse flotte bilete.

Klubben vil rette ei stor til takk til alle som bidrog til dette storslagne arrangementet. Speaker Arne Eithun (ja, bror til Geir) som sørga for at det ikkje var stilt eit sekund i hallen, DJ Kenneth, Firda som streama kampen, alle i støtteapparatet og ikkje minst publikum. De er alle invitert til Oslo 16.januar!

IMG_4901 IMG_4915 IMG_4615 IMG_4640 IMG_4648 IMG_4657 IMG_4673 IMG_4682 IMG_4742 IMG_4856

Elisabeth Viken har teke fleire flotte bilete, resten finn du her.