Karane vidare til semifinale i cupen

nov 23, 2015

Etter å ha slege Nyborg samanlagt over to kampar kunne herrane sleppe jubelen laust. For etter å ha vunnet 3-1 på heimebane framfor ein fantastisk publikum, måtte Førde ha 2 sett i returkampen. Når Førde sikra seg andre og tredje sett i stemmemyren var det heile avgjort.

No ser klubben fram til spennande trekning av semifinalane. Me håpar den kjem mandag 23.november sidan alle kampane er ferdigspelt.

Me vil også gratulere semifinalistane Dristug, NTNUI og Randaberg, og ikkje minst Tambarskjelvar frå Naustdal på kvinnesida!

Vår utsendte fotograf, Elisabeth Viken, har som vanleg levert flotte bilete. Lenke til fleire bilete ligg nedst i artikkelen.

IMG_4572 IMG_4223 IMG_4226 IMG_4276 IMG_4395 IMG_4454 IMG_4475

Fleire bilete finn du her.