To spelarar uttekne til landslagssamling

sep 2, 2015

I perioden 20-24. august var Førde-spelarane Sverre Flåskjer og Øystein Bergum på samling med seniorlandslaget i Bergen. Sverre var med som midtspelar, og Øystein var med som libero. Samlinga bestod av 10 økter og til saman 23 timar med ball trening, fysisk trening og mental trening. Våre gutar kan rapportere om høg intensitet og høgt nivå, sjølv tidlig i sesongen.

Etter samlinga vart Øystein tatt ut til å spele treningskamper i Maribor, Slovenia 3-10. september. Sverre vart desverre ikkje tatt med denne gong, men med tanke på at han var den yngste spelaren på samling, er det veldig sannsynleg at han får sjansen seinare. Norge skal spele to kamper mot Slovenia, vinnarane av årets European league. I tillegg blir det kamper mot Saudi-Arabia, Kuwait og det beste slovenske klubblaget. Alle lagene er rangert betre enn Norge, so det blir med andre ord mange tøffe kamper, for et Norge-landslag som er på veg framover.

Grunnen til treningskampane i Slovenia er for å bygge opp laget fram mot EM- og VM-kvalifiseringane, som begge kjem om ei kort stund. Landslagstrenar Scott Olsen har lyst å bygge opp breidden i laget fram mot dette, derfor er det ei blanding av unge og rutinerte spelarar som har blitt tatt ut til treningskampane.

Mathias og Lars Fredrik, som normalt sett også er fast inventar i landslagstroppen, var opptekne med andre aktivitetar denne perioden.

Her kan ein sjå heile uttaket:
http://www.volleyball.no/nyheter/Sider/NVBF0815hostensaktivitetforseniorlandslagetmenn.aspx

Her kan ein følge med landslaget nærmare på facebook:
https://www.facebook.com/NorgesVolleyballforbund

Spesielt interesserte kan sjå verdensrankinga her:
http://www.fivb.org/en/volleyball/VB_Ranking_M_2015-08.asp

Foto: Norges volleyballforbund.