Loftesnes og Tvinde

På ein pressekonferanse tidlegare i dag vart Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde presenterte som Førdespelarar. Spelarane signerte kontraktane i lokala til generalsponsor Sparebanken Sogn of Fjordane i Førde. Begge er fast inventar på landslaget og returnerer frå profflivet i utlandet, der Loftesnes har tenestegjort i tsjekkiske CEZ Karlovarsko det siste året, mens Tvinde har hatt tilhald i Pafiakos Syllogos Athlopedion (!) på solfylte Kypros.

Både Tvinde og Loftesnes hadde moglegheit til å halde fram i utlandet, men det sportslege opplegget, hårete mål og studiar gjorde at dei begge no gjer comeback i Førdedrakta. – I løpet av tre til fire år ønskjer vi å skape det beste laget ein har sett i Norge. Det har vi moglegheita til no, sa sportsleg leiar Martin Berntsen i ein kommentar til Firda på pressekonferansen.

Eg hadde moglegheit til å reise ut att, men no kan eg fokusere litt på studier. Alt klaffa.

Mathias Loftesnes

i intervju med NRK

No vil eg vere med å skape det best drivne amatørlaget i Norden.

Lars Fredrik Tvinde

i intervju med Firda

NRK: «No vender volleyballproffane heim»

Les NRK si dekning av saka

Firda: «Stjernene tilbake i Førde»

Les Firda si dekning av saka

Journalistar frå NRK og Firda

NRK og Firda kjempar om å få saka ut først.