Reisebrev frå Eithun/Tvinde: Sochi Open
Etter å ha spelt seg til 3.plass i Nevza Oslo reiste Geir Eithun og Lars Fredrik Tvinde med godt mot til OL byen. Ingen av dei hadde store fortventningar til opphaldet, men Sochi overraska positivt. Ein reltativt sein ankomst vart forlenga med ein time passkontroll samt ein time utfylling av skjema for mista bagasje. Turen var godt i gang! Hovudet traff puta kl 0430 lokal tid.
Første dag i Russland vart nytta til trening. Banene låg nærme hotellet og vi kunne traske i mellom det flotte hotellet og arenaen. Tirsdag måtte karane ut i kvalifisering etter å ha vore oppsatt inne i hovudrunda. Litt teknisk trøbbel vippar ikkje ein junior og ein senior (utan bagasje) av pinnen. Det skal nevnast at eldstemann viste rutine med å ta med ein speleshorts i handbagasjen. Kvalifiseringa gjekk smertefritt mot Kasakhstan, 2-0. Dermed var første hovudrunde for Tvinde i boks.
I hovudrunden enda Førde-duoen med Italia, Latvia og Russland. Onsdag opna LF og GE mot Italia, men måtte dessverre sjå seg slått med 1-2 i sekken. Heldigvis for nordmennene var ikkje håpet ute trass tap i første kamp. Neste dag starta med kamp mot vinnarane av European games i Baku. Latviarane viste stor styrke i lange periodar, men med god blokking frå Eithun vart sjølv Regza frå baltikum passiv. Gutane måtte sjå seg slått 0-2. Før siste kamp i puljespelet visste Lars og Geir at siger var einaste utveg for avansement. Ekstra stas blei det når det dukka opp centercourt i flomlyset mot heimelaget frå Russland. Spenninga var å ta og føle på under kampen, men det vart levert sandvolleyball av høg kvalitet. Kampen enda 2-1 favør Noreg. To stykk letta førdianara kunne feire 3.plass i pulja.
Etter nokre timar vart det klart at motstandaren neste dag vart Slovakia. Dette viste seg å være eit stabilt lag som gjorde få upressa feil. LF og GE trakk ikkje det lengste strået i kamp om 9.plass og enda på ein flott 17.plass.
Til redaksjonen oppsummerar dei det heile som ei god oppleving og anbefalar Sochi som eit flott reisemål. God tur!
Sjå videointervju med FIVB nedst i saka!