Seier i første rankingturnering

okt 18, 2015

Første rankingturnering i 1.divisjon gjekk av stabelen i helga. Karane våre var sjølvsagt på plass, og for ein innsats dei gjorde!

Laurdagen byrja med gruppespel mot Spirit Lørenskog og Askim. Nokre timar seinare var både Spirit (2-1) og Askim (2-0) overvunne og vi stod igjen som puljevinnar. I kvartfinalen på ettermiddagen same dag venta Stod, også den enda 2-0 i vår favør. Karane meldte om stabilt og godt spel.

Etter ei god natt søvn og frukost ein kvar kosthaldsspesialist ville vore imponert over, venta ein av seriefavorittane ToppVolleyNorge (TVN) på andre sida av nettet. Spelet frå dagen før haldt fram og kampen enda til slutt 2-0 til Førde, med settresultata 28-26 og 25-18, og laget er klar for finale mot NTNUI!

Også her var Førdelaget i storform og henta heim seieren i første rankingturnering for sesongen med 2.0 (25-14 i begge sett). Bra innsats av heile laget.

Trenar Kenneth Jørgensen kunne dessverre ikkje vere med, stor takk til Einar og Jarle som har teke ansvar som lagleiar/trenar/assistenttrenar gjennom helga til 20 i stil!

Også Norges volleyballforbunds utsendte vart imponert over innsatsen og oppsummerer den slik: «Tøff serving, gode angrep og få feil på vinnarlaget». Dei har også lagt ut ein video av ein av ballveksklingane.

forde-frukost

Få med deg siste nytt, mens det skjer! Følg oss: